Hopp til innhald

Fagstoff

Når plasten ikkje er fantastisk

Plast kan vere nyttig når han er i bruk, men viss han kjem på avvegar, kan det bli eit problem for både dyr og menneske.

Plast på avvegar

Fuglar, fisk og andre dyr som lever i og ved havet, kan setje seg fast i avfall som tauverk, fiskesnøre og plastposar. Nokon oppfattar plasten som mat, og et han. Dette kan gi ei falsk kjensle av metting, og gjer at dyret ikkje får i seg nok næring.

Død fugl med magen full av plast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plastkvalen på Sotra

I 2017 stranda ein kval på Sotra utanfor Bergen. Kvalen var så sjuk, at det blei bestemt at han skulle avlivast. I magen på kvalen fann ein 30 plastposar. Denne hendinga vekte internasjonal oppsikt, og blir sett på som eit vendepunkt for kampen mot plastforsøpling.

Mikroplast — kan små bitar gi store problem?

Plankton kan forveksle mikroplast med mat. Slik kjem mikroplasten inn i næringskjeda. Planktonet blir ete av fisk, som deretter blir eten av oss menneske.

I tillegg til at plasten kan innehalde miljøgifter frå då han blei produsert, så kan også andre miljøgifter feste seg på mikroplasten ute i naturen.

Forsøk viser at makrofagar (eteceller) i fisk tar opp små plastkuler, og forsøker å bryte dei ned. Det er foreløpig uklart kva for konsekvensar dette har for fisken si helse, og kva for konsekvensar mikroplast har for dei andre organismane som får han i seg.

Oppgåve

Kva trur du er den største kjelda til mikroplast i Noreg? (Det finst fleire kjelder til mikroplast enn dei som er brukte i denne oppgåva.)

Kva kan du gjere?

For å løyse problemet med plast på avvegar, må vi ha samarbeid på tvers av landegrenser. Bojan Slat er ein ung nederlendar som har utvikla ein metode for å samle inn store mengder plastavfall frå havet.

I prosjektet Ocean Cleanup skal store trålposar, festa med anker til havbotnen, fange opp plast som blir samla opp i område der fleire havstraumar møtest, såkalla "Garbage Patches".

Ung mann med plastavfall i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tiltak for å redusere mengda plast i naturen:

Mann i svart sportsbil køyrer fort. Foto.
  • køyre mindre bil.
  • rydde plast der du bur.
  • bruk kleda dine så lenge som mogleg.
  • vask kleda dine i ein pose som samlar opp mikroplast, eller monter plastfilter på vaskemaskinen.
  • lever plastemballasje til gjenvinning.
  • fjern gummigranulat frå kunstgrasbanen frå kleda før du vaskar dei.
  • ikkje vask penslar du har brukt til måling i vasken.
  • bruk kosmetiske produkt utan mikroplast (produkt med Svanemerket er garantert utan mikroplast).

Tenk gjennom!

Kvifor står "køyre mindre bil" i lista over tiltak for å redusere mengda plast i naturen?

Kjelder

NRK. (2018, 12. august). Verden trengte en hval full av plast for å våkne. Henta frå https://www.nrk.no/norge/plasthvalen-okte-nordmenns-miljoengasjement-1.14162855

Miljødirektoratet. (2019, 27. mai). Mikroplast. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/mikroplast

The Ocean Cleanup. (2020). Passive Clean Up System. Henta frå https://theoceancleanup.com/oceans/

Veterinærinstituttet. (2019, 18. februar). Mikroplast fanges opp i fiskens gjeller og celler. Henta frå https://www.vetinst.no/nyheter/mikroplast-fanges-opp-i-fiskens-gjeller-og-celler

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019

Læringsressursar

Berekraftig utvikling