Fagartikkel
Fagsamtalar i prosjekt
Undervegs i eit prosjekt er det nyttig å få rettleiing gjennom ein fagsamtale. Å forklare prosessen for andre kan hjelpe deg til å sjå kva du bør jobbe vidare med.
Det er lurt å førebu seg før ein fagsamtale. Ta med deg skisser, planar, bilete og arbeidet frå research, slik at du kan visualisere idéen og arbeidsprosessen din. Øv deg på å bruke fagord når du beskriv prosjektet ditt.
Fagsamtalar kan også brukast til eigenvurdering og refleksjon rundt eiga læring.
Idéutvikling
- Korleis fungerte idéfasen? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
- Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
- Kvifor valde du den idéen du gjekk vidare med?
Planlegging og utprøving
- Korleis fungerte førearbeidet og utprøvingane? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
- Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
Gjennomføring
- Korleis fungerte arbeidet med idéen din? Beskriv kva som fungerte bra, og forklar kvifor viss det var noko som ikkje fungerte.
- Ville du du ha gjort noko annleis? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
- Har du andre kommentarar til ditt eige arbeid og innsatsen din?
Eigenvurdering
- Kva synest du om produktet ditt?
- Ville du ha gjort noko annleis viss du skulle løyst oppgåva på nytt?
Refleksjon over eiga læring
- Kva har du lært gjennom prosjektet?
- Kva bør du jobbe vidare med?
Sjekk til slutt at du har fått snakka om og reflektert rundt alle fasane i ein medieproduksjon. Bruk denne oversikta som støtte i arbeidet: