Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis vurdere og dokumentere eit oppdrag

Etterarbeidet i ein medieproduksjon handlar om å vurdere kvaliteten og dokumentere arbeidsprosessen. Her får du tips til sluttfasen i eit oppdrag.
Ein gjeng unge voksne smilar og gir kvarandre ein "high five" over arbeidsbordet. Foto.

Venn deg til å tenkje kvalitetssikring gjennom heile prosessen, frå idé til ferdig produksjon. Innspel frå andre undervegs vil vere med på å sikre kvaliteten.

Evaluer arbeidet undervegs

Å sjå gjennom arbeidet til andre og gi konstruktiv kritikk er vanleg praksis i mediebransjen. Vis derfor arbeidet ditt til éin eller fleire mens du arbeider, og når du føler at du nærmar deg eit resultat. Korleis er responsen? Øving, prøving og feiling vil gjere deg til ein betre medieprodusent!

Når du har justert arbeidet etter innspel frå andre, kan du sende utkastet til oppdragsgivar. Ver førebudd på at du må gjere fleire endringar på arbeidet ditt etter at oppdragsgivar har sett på det. Det er god praksis for å sikre kvaliteten på arbeidet at de lagar fleire versjonar før de ferdigstiller prosjektet. Diskuter til dømes: Fungerer kommunikasjonen? Er det rett bruk av lyd, verkemiddel og fargar? Treffer det målgruppa?

I denne fasen kan det òg vere lurt å halde ei testvisning for målgruppa, eller teste arbeidet på andre som kan gi nyttige innspel på innhaldet. Vurderinga kan de strukturere etter Berit Hedemanns metode "sokratisk evaluering".

Prøv metoden "sokratisk evaluering" (i grupper)

Berit Hedemann utvikla metoden då ho jobba med radiodokumentarar i NRK.

  1. Lag ei gruppe og be dei sjå på arbeidet utan å snakke saman mens dei noterer opplevingar. (Treffer det meg, klarer eg å følgje med, forstår eg bodskapen?)

  2. La gruppa dele opplevingane. Kva er likt, ulikt? (Start med det som var bra.)

  3. Har alle ei felles forståing av kva som er bodskapen, og kven som er målgruppa?

  4. Til slutt fortel du gruppa om val av målgruppe og tankane bak produksjonen.

  5. Kva tenkjer du om arbeidet ditt no? Har evalueringa gitt deg ny innsikt? Juster produksjonen din dersom nødvendig.

Kjelde: Handgaard, Brynjulf (2020). Historieforteljing på digitale plattformer. Cappelen Damm Akademisk.

Hender på tastaturet til ein laptop. På skjermen ser vi utkastet til eit manus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs dokumentasjonen

Bruk dokumentasjon for å vise kva du har tenkt undervegs i oppdraget og for å dokumentere det ferdige resultatet. Dette er spesielt viktig når vi arbeider for andre eller i team eller prosjekt. Dersom du har opplevd endringar eller avvik frå den opphavlege planen, er det lurt å få med dette i dokumentasjonen. Du lærer av å prøve, feile og erfare!

Når du seinare skal ut i arbeidslivet, vil dokumentasjonen vere nyttig å vise til når du skal søkje jobb.

Ulike måtar å dokumentere prosjekt og prosessar på:

  • Du kan skrive logg.

  • Du kan skrive prosjektrapport.

  • Du kan gjere videoopptak.

  • Du kan ta bilete og/eller skjermbilete.

  • Du kan leggje ved produkt/skisser du har produsert.

Kombiner gjerne fleire dokumentasjonstypar når du dokumenterer arbeidet ditt.

Vurder det ferdige arbeidet

Når oppdraget er utført, er det smart å setje av tid til evaluering. Den kan du, og eventuelt oppdragsgivaren din, lære av til neste gong. No vil du ha stor glede av ein grundig dokumentasjon av prosessen.

Å vurdere arbeid handlar ikkje om å setje ein rett karakter eller gi terningkast. Vurdering handlar om å finne ut kvifor noko fungerer – eller ikkje. Du kan vurdere ditt eige arbeid sjølv, eller la andre delta i evalueringa.

Her er nokre forslag til spørsmål du kan stille i vurderinga:

  • Vart produksjonen gjennomført slik du hadde tenkt? Kvifor, kvifor ikkje?

  • Kva kunne du ha gjort annleis?

  • Var valet av produkt(er) rett? Kvifor, kvifor ikkje?

  • Trefte du målgruppa? (Her vil ei lita marknadsundersøking blant den tenkte målgruppa gi deg nokre svar.)

  • Kva har du lært av dette arbeidet som du kan bruke i andre samanhengar?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2021

Læringsressursar

Dokumentere og kvalitetssikre medieproduksjonar