Eigenvurdering for emnet dokumentere og kvalitetssikre
Kan du svare ja på punkta nedanfor, har du fått med deg det viktigaste om korleis du dokumenterer og kvalitetssikrar:
Eg forstår at dokumentasjon er med på å sikre kvaliteten i ein medieproduksjon.
Eg har fått med meg at kvalitetssikring er sentralt i alle fasane i ein produksjonsprosess, men blir lagd ulik vekt på avhengig av kva du jobbar med.
Eg forstår at det ikkje alltid er lett å måle kvalitet. Objektive kriterium, som teknisk kvalitet, er enklare å vurdere enn meir subjektive kvalitetskriterium, som framferd og fargebruk.
Eg kan bruke sokratisk evaluering for å vurdere og kvalitetssikre arbeidet mitt.
Eg har testa ut baklengs vurdering som metode for å evaluere.
Fagomgrep | ||
---|---|---|
Baklengs vurdering | Dokumentasjon | Objektive kvalitetskriterier |
Kvalitetssikring | Sokratisk metode | Subjektive kvalitetskriterier |