Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet videoopptak med drone

Kva må du tenkje på når du skal fange biletmateriale med ein drone? Korleis planlegg du filminga, korleis skal du gjennomføre ho, og kva reglar gjeld for droneflyging?
Drone til videoopptak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her kan du sjekke kva du har fått med deg etter arbeidet med dette emnet:

  • Eg veit kva reglar som gjeld for opptak med drone.

  • Eg kan liste opp sentrale kamerakøyringar som er typiske for opptak med drone.

  • Eg kan vurdere i kva samanhengar det er fornuftig å bruke klipp frå opptak med drone i videoproduksjonar.

  • Eg veit kva som er viktig å tenkje på når eg skal planleggje og gjere opptak med drone.

  • Eg forstår og kan vurdere moglegheiter og utfordringar ved bruk av droneklipp i eigne produksjonar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Videoopptak med drone