Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter droneklipp

Bilete og videoopptak frå drone har det særlege ved seg at dei blir tekne frå lufta. Sjå på ulike eksempel, og diskuter korleis droneklipp kan brukast i ulike samanhengar.

Her har ein valt ein klar start og slutt på klippet. Kamera blir løfta opp langs husveggen for å skape spenning. Når dronen passerer toppen på bygget, blir kamera tilta ned, og dronen stoppar.

Søk og finn eksempel på droneklipp

  1. Bruk ulike søkjeord på norsk og engelsk som har å gjere med fly, luftig, videoklipp, drone, og så vidare.
  2. Sjå gjennom videoklipp frå minst fire ulike kjelder.
  3. Sjå gjennom minst 5 videoklipp
  4. Plasser dei 5 klippa i rekkjefølgje frå best til dårlegast.

Arbeidet kan gjerast individuelt eller i grupper.

Diskuter

  1. Skriv ei grunngjeving for kvifor og korleis klipp 1 og 2 er betre enn klipp 4 og 5.
  2. Diskuter korleis videoklipp filma med drone kan brukast som verkemiddel i videoproduksjonar. Når de gjer det, bruk omgrep som beskriv ulike utsnitt, kamerarørsler og kamerakøyringar:
    • tilt
    • panorering
    • zoom
    • kamerakøyring framover
    • kamerakøyring bakover
    • oversiktbilete/landskap
  3. Beskriv til slutt tre eksempel på korleis de meiner droneklipp kan brukast. Gi eitt eksempel innan journalistikk, eitt eksempel innan marknadsføring og eitt innan underhaldning.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2023

Læringsressursar

Videoopptak med drone