Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for droneflyging

Droneflyging er ein hobby for stadig fleire, og dronar blir også brukt profesjonelt som eit prisgunstig alternativ til filming og fotografering frå helikopter. Droneflyging er regulert både gjennom Luftsfartstilsynet og åndsverklova.

Dronane har kome for å bli. Dei blir stadig billegare og betre, og gir deg moglegheita til å sjå omgjevnadane rundt deg i eit nytt perspektiv.

Det er eigne reglar for droneflyging. Du må registrere drona og ta sertifikat for å få lov til å fly drone. Det er også viktig å vere klar over at luftrommet over Norge er regulert av luftfartstilsynet.

Drone til leik og hobby

Dei viktigaste reglane er:

  1. Du skal alltid kunne shå dronen og flyge han på ein omsynsfull måte.
  2. Aldri flyge i nærleiken av ulykkesstader.
  3. Ikkje flyge nærmare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtalt.
  4. Ikkje flyge høgare enn 120 meter over bakken.
  5. Ikkje flyge over festivalar, militære område eller sportsarrangement.
  6. Hald ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk (land, luft og sjø)
  7. Ta omsyn til andre sitt privatliv. Tar du bilete eller video med dronen, må du følgje personvernreglane.

Fotografering med drone

Ein drone har gjerne eit kamera eller moglegheita til å bere eit kamera. Bruk av dronar har vokse fram som eit gunstig alternativ til helikopterbruk. Eigedomsfotografar bruker dei gjerne for å vise korleis huset ligg plassert på tomta, i nabolaget, i høve til sjøen eller liknande.

Det er mogleg at nabohuset eller nabohagen kjem med på bileta. Ikkje alle vil setje pris på det, og derfor er det viktig at du kjenner til og følgjer regelverket.

Du treng ikkje søke om løyve til å fotografere eller filme frå ubemanna luftfartøy så lenge dronen er i synsfeltet ditt og området ikkje er ein flyplass eller eit militært område.

Reglar som gjeld for kva avstandar du har lov til å fly med drone. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personvern og åndsverklov

Personvernloven har ikkje eigne reglar om filming eller fotografering med dronar, men all aktivitet med kamera kjem inn under kategorien "innsamling av personopplysningar". Dronefilming og -fotografering kan derfor samanliknast med bruk av handhaldne fotoapparat, mobilkamera, dashbordkamera og annan mobil kamerateknologi.

Retten til eiget bilete ligg i åndsverklova, men er begrunna i personopplysningslova, og han gjeld og for dronefotografering og -filming: Bilete av personar kan ikkje publiserast utan samtykke så lenge personen er identifiserbar. Derfor blir det oppfordra til at ein minimerer innsamling av bilete og film der menneske eller andre objekt kan identifiserast. Utan identifiserbare personar kan ein altså fritt publisere bileta eller filmen.

Viss det viser seg at ein vil kunne kjenne att personar, skal ei samtykkeerklæring fyllast ut og signerast. Erklæringa bør minst innehalde:

  • Namn og adresse til begge partar
  • Kor og korleis opplysningane skal brukast
  • Kva for lisensar opplysingane vil bli publisert under

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Videoopptak med drone