Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet design for digitale flater
Har du lært det viktigaste i dette emnet? Test deg sjølv.
Eg kan forklare likskapar og forskjellar mellom det å designe for papir og det å designe for digitale flater.
Eg forstår at eg må stille brukarane i sentrum, og sørgje for at designet er nyttig og funksjonelt når eg jobbar med design for digitale flater.
Eg kan lage ulike skisser og wireframes av appar og nettsider.
Eg kan lage ein digital prototype av ein app.
Eg veit at det er formålstenleg å brukarteste innhald under utvikling.
Eg veit om ulike roller i web-utvikling, og kva som er forskjellen på ein UX-designar og ein UX-utviklar.
Fagomgrep | ||
---|---|---|
prototyping | brukaroppleving | wireframe |
app | grafisk design | brukargrensesnitt |
UX-designar | UX-utviklar | programmering |