Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg design for papir og digitale flater

I denne oppgåva er målet å få ei betre forståing for moglegheiter og avgrensingar når du designar for papirmedium og digitale medium.
Menneske som samarbeider om skisser til ein app. Skissene ligg spreidde utover eit bord. Foto.

Arbeidsoppdrag

Lag skisser og presenter same sak på papir og digitalt. Vel mellom følgjande oppdrag:

  • Vis korleis ein lagar ballongdyr.

  • Presenter komande filmar på den lokale kinoen.

  • Lag ei typografisk oversikt som viser og forklarer dei viktigaste skriftgruppene.

  • Presenter oppskrifter på tre ulike supper.

Du bestemmer sjølv kva trykksak du lagar, til dømes ein plakat eller ein brosjyre, og om du lagar ei nettside eller ein app til den digitale versjonen.

Bli einig med læraren din om omfanget av oppgåva. Skal de lage grovskisser og på papir, eller er det sett av tid til å ta det eit steg vidare og gjere det meir ferdig? Då kan de til dømes setje papirversjonen i InDesign og bruke Adobe XD til å lage ein prototype av den digitale versjonen.

Tips

Få andre til å lese korrektur. Det er fort gjort å bli blind for eigne feil.

Få andre til å teste løysingane dine og kome med tilbakemelding.

Gjer forbetringar i designet før du leverer.

Notatblokk som viser oppbygginga av ei nettside med boksar for tekst, boksar med kryss (som betyr foto) og boksar med ein pil i ein sirkel (som betyr video). Dei ulike seksjonane er skilde med horisontale linjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva fordelar har papirversjonen din samanlikna med den digitale løysinga?

  2. Kva var det vanskelegaste med å designe for papir?

  3. Kva fordelar har den digitale løysinga samanlikna med papirversjonen?

  4. Kva var det vanskelegaste med å designe ei digital løysing?

  5. Korleis påverkar målgruppa kva løysing som fungerer best?

  6. Kva kunne du frå før, som du fekk bruk for i oppgåva?

  7. Kva måtte du finne ut av eller lære deg for å gjere oppgåva?

Relatert innhald

Studer ulike måtar å lage wireframes på og kva dei ulike elementa kan bety. Lær deg å lage eigne wireframes.

Hva inneholder en designmanual, hva brukes de til og hvorfor er de nyttige?

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Design for digitale flater