Hopp til innhald

Fagstoff

Designprofil, visuell identitet og designmanual

Designprofil, visuell identitet, branding og designmanual er omgrep som ofte blir brukte litt om kvarandre. Her får du ei avklåring.
Ein designmanual på ein laptop med uklar bakgrunn. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Designprofil og visuell identitet

Ein designprofil er den visuelle identiteten til ei verksemd. Alle slags verksemder har, eller skaffar seg, ein visuell identitet. Det gjeld både kommersielle, som Coop og Tine, og ideelle, som Røde Kors og WWF.

Den viktigaste oppgåva til designprofilen er å sørgje for at alle andre visuelle kjenneteikn saman med logoen byggjer opp om det visuelle inntrykket verksemda ønskjer å formidle. Ideelt sett skal denne identiteten vere så lett å hugse og lett attkjennande som mogleg, og helst skal målgruppa forbinde han med noko positivt.

Kjernen i designprofilen er logoen. Ein logo skal vere lett å leggje merke til og lett å hugse, anten dei dukkar opp som gateskilt eller som ørsmå merke i fanerekkja i nettlesaren din.

Designprofil og designmanual

Designbyrået som lagar logoen, vil vanlegvis lage dei fleste grafiske produkta verksemda har behov for. Det kan vere ei nettside, visittkort, brevpapir eller skilt. Men det er ikkje uvanleg at andre er engasjert enn det opphavlege designbyrået.

Om designprofilen skal fortsetje å fungere etter den opphavlege intensjonen, må det derfor finnast ei bruksrettleiing som er tilstrekkeleg detaljert til at designprofilen ikkje er avhengig av dei opphavlege designarane. Særleg dersom verksemda er stor, greier ikkje logoen seg utan ein designmanual.

Designprofilen består altså av alle elementa i ein visuell identitet, og designmanualen er ein instruksjon på korleis desse elementa skal brukast i praksis.

Designmanualen er ei bruksrettleiing for designprofilen til ei bedrift. Manualen beskriv korleis typografisk logo, symbol og andre visuelle kjenneteikn som skal bli brukt i ulike samanhengar.

Det er også vanleg at verksemda har ein palett med fargar som kan kombinerast med fargen eller fargane på logoen på nettstaden til bedrifta eller i brosjyrar og andre trykksaker. Fargane blir definerte ut frå kva nemningar dei har på nettet, RGB-tala, eller blandingsforholdet mellom CMYK-fargane for trykksaker. Mange vil også bruke fargekoordineringssystemet Pantone. Store selskap skaffar seg til og med eigne fargar.

Store, omfattande manualar kan ta månader å lage, så det er sjølvsagt ikkje meininga at du som elev skal lage noko så omfattande.

Designprofil og branding

Brennjern for merking av dyr. Bilde.

Du har sikkert også høyrt om branding. Uttrykket stammar frå bøndene sin skikk med å merke dyra sine ved å brenne inn eit stempel på dyret, så dei kan skilje dei frå andre sine dyr.

Ved marknadsføring av merkevarer bruker vi brandinguttrykket i overført betyding, dels i høve med den visuelle identiteten til selskapet, men også til å kjenneteikne alt som har med “personlegdomen” til firmaet å gjere.

Eit klassisk døme blir brukt om montørane i telefonselskapet AT&T. Der blei det peika på at korleis montørane var kledd, hadde betyding for kva inntrykk selskapet gav.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2019

Læringsressursar

Design for digitale flater