Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsliv i Kina før og no

Overgangen frå tradisjonelt bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn var ein prosess som tok opptil to hundre år for mange land i Vesten. I Kina tok det omtrent førti år. Mens delar av den urbane befolkninga lever i ein postmoderne overflod, strevar andre med å komme ut av tøffare leveforhold.
Samansette bilete av BMW, cabincruiser, privatfly, bønder og industriarbeidarar i Kina. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I løpet av desse førti åra har forskjellen mellom fattig og rik i Kina blitt like stor som i USA. Slikt blir det veksesmerter av.

Agrar-imperium

Inntil ganske nyleg var det store fleirtalet av kinesarar bønder. Det kinesiske imperiet var eit agrar-imperium, det vil seie var jordbruksbasert. Rikdommen blei framskaffa ved å organisere bondebefolkninga i landet på ein måte som gav pengar i statskassa. Det kinesiske imperiet blei med andre ord ikkje bygd opp ved å utnytte og plyndre koloniar eller dominere delar av verdshandelen, som med dei fleste vestlege imperium. Men kinesiske dynasti har òg gått til grunne på grunn av bondeopprør. I løpet av det siste store bondeopprøret, Taiping-opprøret på midten av 1800-talet, gjekk det med rundt 30 millionar menneskeliv. Og dei kinesiske kommunistane med Mao i spissen laga si eiga oppskrift på ein moderne revolusjon ved å basere seg på bønder.

Opprørarar frå Taiping slåst mot Qing-dynastiet i 1864. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bønder hadde forholdsmessig høg status

Den tradisjonelle sosiale rangeringa av dei viktigaste yrkesgruppene i Kina er interessant, og denne reflekterer det faktumet at Kina var eit agrar-imperium. Øvst stod shì – lærde – som òg gjerne var embetsmenn. Deretter kom nóng – bønder. Så følgde gōng – handverkarar. Og nedst på rangstigen stod shāng – handelsmenn. Denne rangeringa reflekterte verdisynet til konfutsianismen, som ikkje hadde høge tankar om folk som berre tenkte på forteneste. Ein måtte gjerne drive handel, men om ein berre gjorde det og ikkje dreiv med noka anna samfunnsnyttig verksemd, stod ein ikkje høgt i kurs. Denne rangeringa viser kva status yrkesgruppene hadde. Innanfor gruppene var det derimot store forskjellar.

Kvifor skjedde det ikkje noko moderne gjennombrot i Kina?

Kina var mykje tidlegare ute enn Vesten med effektive teknologiske løysingar både innan jordbruk og manufakturproduksjon (spesialisert handverk), men det skjedde ikkje noko industrielt gjennombrot i Kina. Det skjedde derimot i Vesten. Dette har vore svært vanskeleg for historikarar å forklare, særleg fordi kinesarar som slo seg ned i utlandet, ofte viste seg å vere dyktige entreprenørar. Den moderne industrialiseringa gjekk føre seg ved at kolonimakter som hadde innvilga seg spesielle privilegium i kinesiske kystbyar, begynte å starte industri i løpet av siste delen av 1800-talet, nokre gonger i samarbeid med kinesiske embetsmenn. Men det var først under første verdskrig, då europearane var opptekne med å krige med kvarandre, at det vaks fram eit kinesisk industriborgarskap.

Sosialistisk modernisering

Då kommunistane tok over makta i Kina i 1949, sette dei i gang ei storstilt industrialisering med sovjetisk støtte. Men Sovjet trekte tilbake all hjelp rundt 1960. Frå då av blei det å «stole på eigne krefter», zì lì gēng shēng 自力更生, eit mykje brukt slagord frå Mao-tida. I staden for å trekkje folk til byane blei det satsa på å industrialisere landsbygda med enkel, men funksjonell teknologi. Kvinner, som tradisjonen tru pent måtte halde seg heime, og helst innandørs, opplevde i 50-åra ein ny vår ved at dei fekk moglegheit til å delta i arbeidslivet, og ved at tradisjonen med arrangerte ekteskap blei svekt. Dei fleste industriarbeidarar var statstilsette, mens for dei som arbeidde i kollektiv på landsbygda – kalla folkekommunar – var det ikkje store forskjellen om ein var bonde eller arbeidar. Folkekommunane gav ein viss tryggleik når det gjaldt forhold som arbeid, skule og helse. Men ein var òg nærmast stavnsbunden (påtvungen bustad) fordi bustaden – landsbygda eller byen – avgjorde kvar du hadde viktige rettar.

Kven sin stat?

Det heit seg at det nye sosialistiske samfunnet var bøndene, arbeiderane og soldatane sin stat. Til og med eit tannkremmerke kunne heite «Bønder, arbeidarar og soldatar», gōng nóng bīng 工农兵. Men i praksis var det kommunistpartiet og byråkratane deira som bestemde. Og denne opprekninga tok ikkje omsyn til at dei fleste av dei som hadde sete godt i det før revolusjonen, som rike bønder og borgarskap, i praksis var blitt fråtekne grunnleggjande statsborgarlege rettar. Tradisjonelt har kinesiske handverkarar, handelsmenn og andre samfunnsgrupper pleidd å organisere seg i gilde (yrkessosiale samanslutningar), og blant befolkninga på landsbygda var slektslinjene ein viktig sosial organisator. Ein annan spesiell måte fattigfolk organiserte seg på var gjennom såkalla hemmelege selskap, som var lukka organisasjonar som ofte stod i opposisjon til øvrigheita, men som òg gav medlemmane ein viss tryggleik. Kommunistane motarbeidde desse måtane å organisere seg på og erstatta dei med organisasjonar som dei hadde full kontroll over, for eksempel fagforeiningar.

Store endringar i arbeidslivet

Det som blir kalla «reformperioden», det vil seie tida etter Mao frå slutten av 70-åra og fram til i dag, har ført til store endringar i kinesisk arbeidsliv. På landsbygda blei folkekommunane avvikla, og jordbruket blei på ny hushaldsbasert, altså familiebasert. Men bøndene fekk berre bruksrett til jorda, ikkje eigedomsrett. Industrien på landsbygda blei til ein viss grad behalden som kollektiv, men det meste blei privatisert. Framfor alt var all jord framleis kollektiv eigedom, og det har skapt grobotn for den spekulasjonsøkonomien vi har sett vekse fram. Lokale pampar og spekulantar som gjer seg rike på å rasere landsbyar eller jordbruksland, noko som har ført til store protestar blant dei som har blitt ramma. I den statseigde industrien avskaffa ein den livslange og sikre tilsetjinga, «jarnrisbollen», eller tiě wǎnfàn 铁碗饭, som det blei kalla. Mange hadde bidrege med sitt eit heilt vakse yrkesliv, og no blei dei kasta ut i eit usikkert tilvære utan noko tryggleiksnett i form av trygd. Det førte til kraftige protestar også blant industriarbeidarar, men mange klarte å få seg nye jobbar etter kvart.

«Hoppe i havet» på kinesisk

Omleggingane av det kinesiske arbeidslivet avdekte ei stor oversysselsetjing i det tradisjonelle sosialistiske systemet. Ei stilling kunne ofte gå i arv, anten i kollektivet eller i den statlege sektoren. Under det sosialistiske systemet fanst det ikkje noko arbeidsmarknad. Ein fekk anten ta over for foreldra, eller ein blei tilvist jobbar gjennom forskjellige offentlege tildelingskontor. For mange var det ein tryggleik, men ein måtte ta til takke med det ein blei tildelt, med mindre ein hadde gode kontaktar høgare oppe i systemet. Andre tok sjansen og «kasta seg ut i det», eller xià hǎi 下海 som det heiter, det vil seie prøvde seg i nye og spennande bransjar. Dei gjorde med andre ord noko heilt anna enn å «hoppe i havet» i den norske tydinga av uttrykket.

To kvinner set risplanter og ein mann sit på sykkelen sin i ein fattig bydel i Kina. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overflødig yrkesbefolkning

Det var truleg ei oversysselsetjing på rundt 30 % på den kinesiske landsbygda. Men det var ikkje berre å late overflødige bønder segle sin eigen sjø. Løysinga blei å lokke spesielt unge kvinner og menn som var overflødige, til å dra inn til byane og bli arbeidsmigrantar i den nye eksportretta industrien som vaks fram i kystbyane i Kina, særleg i Sør-Kina. Tala varierer, men i dag er det truleg i overkant av to hundre millionar arbeidsmigrantar i Kina, ei såkalla flytande befolkning, eller liúdòng rénkǒu 流动人口. Dette har fått dramatiske konsekvensar for det kinesiske arbeidslivet. For det første er jordbruket blitt femininisert, det vil seie at kona i familien ofte blir att for å drive garden og ta seg av både dei unge og gamle i familien når mannen blir arbeidsmigrant. Det har ført til eit enormt press på kinesiske bondekvinner. For det andre er ein stor del av den kinesiske befolkninga, arbeidsmigrantane, blitt annanrangs borgarar. Dei grunnleggjande rettane deira er knytte til staden dei bur på, og ikkje den staden dei arbeider på. Dette er blitt eit så stort problem at styresmaktene har begynt å lempe på det, mellom anna ved å gi barna til migrantane rett til utdanning.

Ville tilstandar, nye moglegheiter

Vidare har arbeidsforholda, særleg i den eksportretta montasjeindustrien, ofte vore ganske umenneskelege, om vi måler det etter vår eiga tids normer. Unge kvinner og menn har måtta jobbe lange dagar under strenge forhold. Samtidig har den relative velstanden som dei lange arbeidsdagane har lagt grunnlaget for, skapt ny etterspurnad etter faglært arbeidskraft. For kvinner har dagens kinesiske arbeidsliv opna nye moglegheiter, men har òg skapt eit større press for å prestere på alle område. Etter kvart som kinesisk industri har bevegd seg oppover i teknologikjeda (blitt meir teknisk avansert), har det gitt arbeidarar i Kina moglegheit til å krevje betre lønn og arbeidsforhold. Innovasjonslysta og framtidstrua er større i Kina enn i dei fleste land. Kina har nyttiggjort seg dei moglegheitene som ein globalisert økonomi har opna opp. Men i det siste har landet i større grad òg fått merke at den globaliserte kapitalismen kan slå negativt ut i den særeigne kinesiske forma for kapitalisme.

Kinesiske kvinner syr klede på ein fabrikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit fragmentert samfunn

Den raske moderniseringa og omlegginga frå sosialisme til kapitalisme i Kina har gitt nye og store utfordringar. Landet har ei raskt aldrande befolkning på grunn av mange år med streng barneavgrensing. Det gjer at ein i åra som kjem, får færre hender som kan jobbe, og fleire å fø. Dei raske endringane har òg gjort at mange har blitt marginaliserte, og til at lokalsamfunn har blitt fragmenterte. Kontrollen som kommunistpartiet hadde over landsbygda, er betydeleg svekt og har ført til mafiaaktige og brutaliserte tilstandar mange stader. Endringane i kinesisk samfunn og arbeidsliv dei siste førti åra har vore så store at enkelte kinesiske samfunnsforskarar seier at landet ikkje heng saman lenger, sidan ulike delar av befolkninga nærmast lever i ulike tidsaldrar. Det lover ikkje godt for framtida.

Relatert innhald

Korleis blir ein kjendis i Kina? Her får du nokre eksempel på kinesiske kjendisar.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2017

Læringsressursar

Leksjon 12: Arbeid