Hopp til innhald

Fagstoff

Kjendisar i Kina

Korleis blir ein kjendis i Kina? Det spørs kor langt tilbake i tid vi går. Den kinesiske historia er full av eksemplariske modellpersonar, og denne tradisjonen vidareførte dei kinesiske kommunistane.
Seks kinesiske kjendisar. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med det effektive propagandaapparatet kommunistane hadde, blei modellpersonane kjende med ein gong over heile landet. Men i dagens populærkultur er kjendisane vanskelegare å halde styr på.

Under folkerepublikken, det vil seie frå 1949 og fram til i dag, har kjendisar truleg vore meir forskjelligarta enn i noko anna land. Det kjem av dei store politiske endringane som har skjedd i Kina i løpet av desse åra. Under Mao (1949–76) var kjendisane som oftast eksemplariske sosialistiske modellar, men dei siste 35 åra har kjendisane vore like varierte og hatt like mange forskjellige kanalar å vise seg fram i som hos oss.

Her følgjer tre eksempel:

Hán Hán 韩寒 (1982–)

Kinesisk blogger Han Han. Foto.

Han klarte det kunststykket å dumpe to gonger på vidaregåande (kvar gong i sju fag!) før han gav opp og begynte på ein lynkarriere som mellom anna forfattar, racerbilkøyrar, bloggar, magasinutgivar, låtskrivar og filmregissør. Han er blitt omtalt som den viktigaste stemma for sin generasjon, kalla bālíng hòu 八零后 – «post-åttiåra». Samtidig er delar av verksemda hans ganske omstridd, særleg dei litterære bravadane hans, der han er blitt skulda for å ha hatt folk til å skrive for seg.

Han Han tok ein slags hemn over det kinesiske skulesystemet då han i 2000 gav ut romanen Sānchóng mén 三重门 – «Tredobbel dør». Denne blei seld i meir enn to millionar eksemplar, det største opplaget for ein kinesisk roman på mange år. Etter det følgde fleire romanar, men i 2006 kasta han seg med sedvanleg energi over moglegheitene som nettet gav, og blei på kort tid den mest kjende bloggaren i Kina. Han blei òg raskt ein meir enn habil rally- og racerbilkøyrar. I baneløp køyrde han for Shanghai sitt Volkswagen-team, og på vegane for Subaru. Utan bil held han nesten like høgt tempo.

Han Han har vore ein konsistent og subtil kritikar av samfunnsmessige og politiske trekk i tida som han ser på som urimelege, idiotiske eller infantiliserande. Men han har klart det kunststykket å stadig spele ut cābiānqiú 擦边球, eller «kantballar» som dei seier på bordtennisspråket, utan at styresmaktene har gripe inn direkte. Magasinverksemda hans har derimot blitt utsett for alvorleg sensur og utgivingsforbod.

Ei samling av Han Han sine essays blei gitt ut på engelsk i 2012 under tittelen This Generation: Dispatches from China's Most Popular Literary Star (and Race Car Driver).

Léi Fēng 雷锋 (1940–1962)

Lei Feng. Foto.

Lei Feng er den suverent mest omtalte kjendisen frå Mao-tidas Kina. Han skal tidleg ha mista alle familiemedlemmane sine på ulike tragiske måtar og kom med i den kommunistiske ungdomsrørsla då han blei innrullert i ei transportavdeling i Folkets frigjeringshær i ein alder av tjue år. Allereie året etter omkom han då han blei treft av ein telefonstolpe som ein militær lastebil hadde køyrt på.

Kina og verda elles ville truleg aldri ha høyrt noko om den uheldige unge mannen viss det ikkje var for at han visstnok skal ha ført dagbok, og at denne dagboka blei plukka opp av propagandaavdelinga i Folkets frigjeringshær. I 1963 blei ho lansert som ein større propagandakampanje for «å lære av Lei Feng», under leiing av dåverande forsvarsminister Lin Biao. (Det var forresten den same mannen som var ansvarleg for å setje saman eit utval sitat frå Mao sine politiske skrifter, som blei til Sitater fra formann Mao, eller Maos lille røde, som ho blei meir kjend som i Vesten.)

Lei Feng blei opphavleg framstilt som ein ung og usjølvisk mann som gjorde gode gjerningar. Men etter kvart blei kjærleiken hans for Mao ein sentral del av kulturen som blei Mao til del under kulturrevolusjonen (1966–69).

Personen Lei Feng har truleg levd, sjølv om nokon òg trekkjer det i tvil. Men idealpersonen Lei Feng høyrer truleg ikkje til verkelegheita. Han er ein idealisert kjendis som er eit produkt av propagandaverksemda til kommunistpartiet. I dag er både kulturrevolusjonen og rolla Mao spelte i han, diskreditert i Kina. Lei Feng har likevel overlevd alle skiftande politiske vindar og blir frå tid til annan trekt fram som eit ideal for nye unge generasjonar, med stadig ulik vinkling. Men etter kvart som åra går, bryr unge kinesarar seg stadig mindre om dette oppdikta dydsmønsteret.

5. mars har blitt den offisielle «dagen der ein skal lære av Lei Feng», Xué Léi Fēng rì 学雷锋日. Mange har sett sitt snitt til å utnytte seg av denne uheldige unge mannen. Den nærmaste byen til fødebyen hans blei døypt om til Leifeng, og der finst det ein minnehall som er via til han. Militæravdelinga hans var stasjonert ved byen Fushun i Nordaust-Kina. Der er det anlagt ein gravplass og ein minnepark, og fleire stader og institusjonar i Fushun ber i dag namnet hans. Lei Feng-propagandaen har òg teke i bruk populærkulturen, og i 2006 blei det lansert eit nettbasert spel i namnet hans, der vinnaren får møte Mao.

Chōu Tzǐ-yú 周子瑜 (Zhōu Zǐyú) (1999–)

Kinesisk jente synger i mikrofon. Foto.

Det å bli kjendis fordi du er popsongar, er som oftast regelen, men det å bli ein plaga kjendis berre fordi du viftar med flagget til landet ditt, er meir sjeldan. Likevel skjedde dette med Chou Tzu-yu då ho i november i fjor vifta med flagget til Republikken Kina, altså Taiwan, i eit TV-program på koreansk TV.

Zhou hadde det same året blitt rekruttert til jentebandet Twice, som blei starta av det sørkoreanske medieselskapet JYP Entertainment, eit av dei tre største underhaldningsselskapa i Sør-Korea. Twice har medlemmar frå bade Taiwan, Japan og Korea, så det blir gjerne vifta med både taiwansk, japansk og koreansk flagg.

Men det blei for mykje for nokon at Chou vifta med Taiwan sitt flagg. Huang An, ei songar som er fødd i Taiwan, men som har gjort karriere i folkerepublikken, gjekk hardt ut mot ho på den kinesiske nettstaden Sina Weibo og skulda ho for å drive med propaganda for å fremje uavhengigheit for Taiwan. Kinesiske nett-troll følgde opp med å skulde Chou for å utnytte populariteten i Kina, men samtidig drive propaganda for Taiwan si uavhengigheit.

Etter det utvikla saka seg raskt. Jentebandet Twice blei fjerna frå kinesiske TV-program, det koreanske underhaldningsselskapet kutta ut verksemda hennar retta mot Kina, og det store kinesiske kommunikasjonsselskapet Huawei (som elles har bygd ut Telenor sitt nye 4G-nett her til lands) fjerna ho som reklamefigur for mobiltelefonane sine.

Det toppa seg 16. januar 2016, dagen før presidentvalet i Taiwan. Då gjekk direktøren for det koreanske underhaldningsselskapet JYP ut på kinesiske Weibo og beklaga hendinga med flaggviftinga. Omtrent samtidig sende JYP ut ein video der ei tilsynelatande angrande Chou beklagar det ho har gjort, og erklærer at ho ser på Kina og Taiwan som eitt land, og at ho alltid har vore stolt over å vere kinesisk. (Sjå videoen her: Chou Tzu-yu beklagar flaggvifting) Dette var ein «sjølvkritikk» i både tradisjonell og moderne kinesisk stil, som Chou openbert var blitt pressa til av det koreanske selskapet, og reaksjonane på Taiwan lét ikkje vente på seg.

Relatert innhald

Overgangen frå tradisjonelt bondesamfunn til moderne industrisamfunn var ein prosess som tok opptil to hundre år i Vesten. I Kina tok det rundt førti år.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 12: Arbeid