Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Transport i eit transformert Kina – studiespørsmål

Høgblokker i Beijing er såvidt synlege på grunn av tett forureining. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Transport i eit transformert Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. Kva for ei hending påverka mobiliteten til kinesarane mest på 1900-talet?
  2. Den første jernbana i Kina blei bygd mellom Shanghai og Woosung (dagens Baoshan) i 1876. Ho var 14 kilometer lang. Finn ut kva for ein skjebne ho fekk – og kvifor.
  3. Hausten 2015 gjekk det for første gong ut eit 72 timars raudt varsel om luftforureininga i Beijing. Finn ut kva tiltak som blei sette i verk for å betre lufta. Vil slike tiltak kunne løyse problemet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 10: Transport