Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 10

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Transport.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Modalpartikkelen 了 le

已经很晚了。

Yǐjīng hěn wǎn le.

«Det har allereie blitt seint.»

了 le er ein såkalla modalpartikkel som kjem på slutten av setningar på kinesisk (han blir derfor òg kalla ein setningsfinal partikkel). Han har som funksjon å indikere at det som blir uttrykt i setninga, blir rekna som ein «ny situasjon» av talaren (derfor namnet «modal»; han uttrykkjer talaren sin modus på ein gitt måte). Partikkelen 了 le blir brukt når talaren vil gi ei «statusoppdatering» om situasjonen han/ho befinn seg i, og legg vekt på informasjonen som er relevant for lyttaren i situasjonen. 了 le er ofte vanskeleg å omsetje direkte, men eksempelsetninga øvst kan seiast å uttrykkje noko i retning av «(Det er) allereie (blitt) seint (no).». 了 le er til stades i denne setninga fordi talaren innser eller vil presisere noko nytt og relevant ved situasjonen.

NB! På kinesisk finst det to forskjellige ord som begge blir uttalt le og blir skrivne med teiknet 了. Desse har både forskjellige funksjonar og bruksmåtar og må ikkje blandast. Vi kan kalle dei høvesvis setnings-le (brukt her) og verb-le (blir forklart seinare).

2. Modalpartikkelen 吧 ba

我们回家吧!Wǒmen huíjiā ba! – «Lat oss dra heim!»

吧 ba er endå ein setningsfinal modalpartikkel som blir brukt når setninga er eit forslag.

Eksempel: 我们吃饭吧!Wǒmen chīfàn ba! – «Lat oss ete!»

NB! Samanlikn med 吗 ma:

我们现在吃饭吗? «Skal vi ete no?»
Wǒmen xiànzài chīfàn ma?

我们现在吃饭吧! «Lat oss ete no!»
Wǒmen xiànzài chīfàn ba!

Her ser vi korleis setningsfinale partiklar på kinesisk endrar tydinga til heile setninga dei følgjer etter, på ulike måtar. Desse er viktige og spesielle for kinesisk grammatikk.

Sjå òg leksjon 6, punkt 6 om 吧 ba.

3. Adverbet 还 hái

我们还打车吗?  «Tek vi framleis taxi (vidare)?»

Wǒmen hái dǎchē ma?

还 hái kan tyde fleire ting, men tydinga kjem som oftast fram ut frå konteksten. Her er dei viktigaste:

A. hái – «enno/framleis»

他还是*一个小孩子。 «Han er framleis eit barn.»
Tā háishi yí ge háizi.

*Sjølv om teikna er dei same, er dette forskjellig frå 还是 háishi i tydinga «eller» (konjunksjon), som kjem mellom A og B i alternativspørsmål. Eksempel:
你是中国人还是英国人? Nǐ shì zhōngguórén háishi yīngguórén? – «Er du kinesar eller brite?»

Samanlikn:

«enno»

adverb

还是

«eller»

konjunksjon

«å vere»

verb

På grunn av det kinesiske skriftspråket må ofte orddelinga i slike tilfelle identifiserast via kontekst og syntaktisk struktur, sidan kinesisk ikkje bruker mellomrom slik vi gjer på norsk.

B. hái – «òg» / «i tillegg»

我喜欢看书,还喜欢看电影。

Wǒ xǐhuan kànshū, hái xǐhuan kàn diànyǐng.

«Eg liker å lese bøker og liker i tillegg å sjå film.»

还 hái har som vi ser fleire (men relaterte) tydingar. Til felles har dei det at 还 hái alltid kjem framfor verbet, uavhengig av den meir spesifikke tydinga 还 hái kan ha i ein gitt kontekst. Sjå òg punkt 2 under Forklaringar til vokabular.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 10: Transport