Hopp til innhald

Fagstoff

Tidsomgrep i Kina

Vi finn framleis trekk frå tradisjonelle kinesiske oppfatningar av tid i Kina i dag. For eksempel blir framleis den tradisjonelle bondekalenderen brukt i tillegg til den vestlege, saman med den kinesiske dyrekrinsen.
Stjernehimmel over pagoda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste studiar av korleis folk har sett på tid, har vore avgrensa til vestlege måtar å oppfatte og berekne tid på. Forskjellige kulturar har likevel hatt forskjellige måtar å oppfatte tid på. For eksempel var året tradisjonelt delt inn i åtte sesongar hos samane.

Tidlegare høgkulturar, som den kinesiske, hadde avanserte måtar å berekne tid på. Ei viktig årsak til det var at dei herskande var opptekne av å forstå årets gang så presist som mogleg, ettersom uorden i naturen blei oppfatta som at det var noko gale med styringsmåtane til dei herskande. Astronomi (studiet av korleis himmellekamar rører seg) og astrologi (tyding av kommande hendingar, spådomskunst) gjekk hand i hand.

Moderne og tradisjonelt

I dag er ikkje kinesarane sitt forhold til tid særleg ulikt vårt – på overflata. Døgnet deira har like mange timar, dei skriv det same året, og dei bruker den same kalenderen. Men dersom vi ser nærmare etter, oppdagar vi fleire trekk som kjem frå tradisjonelle tidsrytmar. Aviser bruker den vestlege kalenderen for datering, men vi kan òg ofte finne same dag nemnd etter den tradisjonelle kinesiske «bondekalenderen». Folk står gjerne opp tidlegare og legg seg tidlegare. Dei fleste er nesten programmert til å ete lunsj klokka tolv og middag i sekstida. (Det er ikkje særleg lurt å strekkje eit møte med kinesarar til over klokka tolv på dagen!) I tillegg har mange institusjonar – mellom anna universitet – framleis siesta, eller xiūxī 休息, frå halv eitt til to. Med andre ord finn vi framleis trekk frå det tradisjonelle bondesamfunnet i meir urbane miljø.

Bondekalenderen

Dersom du oppheld deg i Kina over lengre tid, vil du òg erfare at store delar av befolkninga framleis i høgste grad følgjer den tradisjonelle bondekalenderen. Bondekalenderen følgjer solåret og er delt inn i tjuefire merkedagar med fjorten dagars mellomrom. På same måte som primstavane våre markerer desse årstidenes, solkvervanes og jordbrukets gang. For eksempel kjem Dà hán大寒 – «den store kulden» – den 21. januar, og Lì xià 立夏 – sommardag – den 5. mai. Dei kinesiske merkedagane har ikkje blitt invadert av religiøse markeringar i like stor grad som primstavane våre. Men ein del ritual, for eksempel det å minnast forfedrene, er knytte til bestemde merkedagar.

Festivalane

Forskjellige folkekulturelle høgtider som Vårfestivalen, Gravfeiingsfestivalen, Lanternefestivalen, Drakebåtfestivalen og Midthaustfestivalen er spreidde ut over året. Den viktigaste av dei er Vårfestivalen, Chūn jié 春节, som markerer det kinesiske nyttåret etter månekalenderen. I dag markerer kinesarane òg «vårt» nyttår, Yuán dàn 元旦. Det kan likevel på ingen måte måle seg med Vårfestivalen, som er den absolutt viktigaste høgtida i Kina, men som ikkje er noka religiøs høgtid. Sidan Vårfestivalen følgjer måneåret, varierer tidspunktet for festivalen, på same måte som påske i Vesten. Alt etter korleis månefasane fell, vil det kinesiske nyttåret vere ein eller annan gong mellom 21. januar og 20. februar.

Den kinesiske kalenderen er med andre ord ein kombinert solårs- og måneårskalender. Ein gong iblant la ein inn ein «skotmånad» i månekalenderen for at måneåret, som berre har 254 dagar, skulle komme i takt med solåret.

Under Mao-tida blei dei fleste tradisjonelle festivalane, unnateke Vårfestivalen, tona ned av styresmaktene. No har derimot dei fleste av dei fått status som høgtider att. I tillegg har ein nasjonaldagen den 1. oktober, som markerer opprettinga av folkerepublikken på same dato i 1949. Feiringa av denne dagen har etter kvart blitt utvida til ei heil veke.

Kinesiske stjerneteikn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veker og år

Den eldste overleverte tidsmarkeringa i Kina skriv seg frå ca. 1200 fvt. under Shang-dynastiet. Ti symbolske skriftteikn blei brukte til å markere ei «veke». Den kinesiske veka bestod med andre ord av ti dagar. Men på 1000-talet blei sjudagarsveka òg teken i bruk, truleg introdusert av sentralasiatiske kjøpmenn.

Dei ti symbolske skriftteikna blei kombinerte med tolv andre symbolske skriftteikn, og når ein kombinerte dei i rekkjefølgje, ende ein opp med ein syklus på seksti dagar. Frå og med starten på vår tidsrekning blei ikkje dette berre brukt til å markere dagar, men også til å markere år. Tradisjonelt har kinesarane med andre ord markert lengre tidsrom i syklusar på seksti år. Dette systemet varte heilt frem til starten på 1900-talet.

Dyrekrinsen

Den kinesiske dyrekrinsen er òg syklisk. Sidan han består av tolv dyr, passar han inn i sekstiårssyklusen. Opphavet til dyrekrinsen er usikker, men han finst i forskjellige variantar over heile det austlege Asia. Dyrekrinsen følgjer måneåret, så innleiinga til Rottas år, Oksens år, Tigerens år, osv., skjer samtidig med Vårfestivalen. Første gang dyrekrinsen blir nemnd i historiske kjelder, er under Tang-dynastiet (618–907).

Som vi nemnde i starten har ikkje astronomi og astrologi skilt lag i Kina. Derfor speler spådomskunst, nummerstudiar og jartegn større rolle i Kina i dag enn i vestlege samfunn. Dei eigenskapane ein meiner dei ulike skapningane i dyrekrinsen har, verkar ofte inn på livsval kinesarane tek, som ekteskap og graviditet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 6: Tid