Rettleiing
Førebuing til leksjon 1
Her skal du førebu deg til å ta fatt på kinesisk 1 leksjon 1.
På førehand bør du kjenne til:
- lydsystemet i moderne standard kinesisk
- grunnleggjande grammatisk struktur i kinesisk
- oppbygginga av kinesiske skriftteikn
Du skal lære:
Kommunikasjon
- å helse på nokon for første gong
- å spørje nokon om kva dei heiter til etternamn
- å fortelje kva du heiter til etternamn
- å spørje nokon om kva dei heiter til fornamn og fullt namn
- å fortelje kva du heiter til fornamn og fullt namn
- å uttrykkje glede over å bli kjent med nokon
- å meistre tonar på kinesisk på eit grunnleggjande nivå
- å meistre uttalen av ein del stavingar på kinesisk
Språk, samfunn og kultur
- om tiltaleformer i Kina
- dei vanlegaste kinesiske etternamna
Før du startar, tenk igjennom følgjande:
- Korleis helser vi på nokon i Noreg når vi møter dei for første gong?
- Korleis tiltalar vi kvarandre i Noreg i formelle og uformelle situasjonar?