Hopp til innhald

Fagstoff

Kjært barn har mange namn: Namnet «Kina» opp gjennom tidene

Vårt namn, «Kina», stammar frå Qín-dynastiet, som grunnla det første keisardømmet i 221 fvt. Namnet kom truleg til Vesten via Persia. Qín var nemleg ein gammal stat i Nordvest-Kina med samband vestover gjennom Sentral-Asia.
Det kinesiske flagget under Qing-dynastiet (1889–1912). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når kinesarane sjølve seier «Qín», meiner dei derimot berre dette dynastiet. Slik var det opp gjennom tidene – namnet på det dynastiet som for tida regjerte, blei brukt som namnet på riket.

Zhōngguó 中国

Kinesarane kallar i dag landet sitt for Zhōngguó 中国, som tyder «Det sentrale riket». Dette er eit gammalt namn med eit enkelt opphav. Det viser til statane som låg sentralt til i den lange perioden med eit fleirstatleg system før landet blei sameint under Qín, altså «Dei sentrale statane». Men namnet kom òg av at desse statane rekna seg for å vere av høgare kulturell rang enn nabofolka.

Etter at keisardømmet blei innført, blei Zhōngguó av og til brukt som nemning på heile landet, og då i eintal, «Det sentrale riket». Det blei òg til tider brukt om dei universelle pretensjonane til keisardømmet. Den vestlege tradisjonelle nemninga «Midtens rike», dvs. eit rike som var i sentrum av verda, stammar derifrå. Men for å uttrykkje universelle pretensjonar hadde dei gamle kinesarane ei anna nemning, nemleg tiānxià 天下, eller «(Alt) under himmelen», dvs. heile verda, som det gjaldt å dominere.

Dei fleste av høgkulturane i oldtida såg på seg sjølv som sentrum i verda, men ingen klarte å oppnå verdsherredømme. Dei som kom nærmast, var mongolane under Djenghis Khan på 1200-talet.

Mongolske krigarar jaktar på fienden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Zhōnghuá 中华

Om vi skal gjere det litt meir komplisert, kan vi òg trekkje fram at ei anna tradisjonell nemning på riket var Zhōnghuá 中华, som tyder «Det kultiverte (eig. «blomstrande») senteret». Det blei brukt omtrent på same måte som Zhōngguó, men uttrykte endå klarare at riket var ein høgareståande sivilisasjon i forhold til rika omkring, som fekk namn som forskjellige typar barbarar, dvs. ukultiverte.

Først på 1700-talet begynte mandsjuane, eit tungusisk folk frå nordaust som hadde erobra Kina i 1644, å ta i bruk Zhōngguó som offisielt namn på landet, særleg i samkvem med utlandet, sjølv om det formelle namnet på dynastiet var Qīng , som tyder «Rein og klar».

Då Qīng-dynastiet blei avskaffa gjennom ein revolusjon leidd av etniske kinesarar i 1911–1912, funderte sigerherrane på kva dei skulle kalle landet. Dei tydde ikkje til Zhōngguó, men til Zhōnghuá, som blei sett på som meir høgtideleg. Den republikken som blei stabla på beina i 1912, blei heitande Zhōnghuá mínguó 中华民国, eller «Republikken Kina». Han eksisterer den dag i dag på Taiwan. Då kommunistane sigra i revolusjonen i 1949, kalla dei landet Zhōnghuá rénmín gònghéguó 中华人民共和国, eller «Folkerepublikken Kina».

Likevel dukkar namnet Zhōngguó i dag opp i offisielle samanhengar (som i FN og på kinesiske landslagsdrakter). Det er å rekne som ei kortform av dei moderne formelle nemningane på landet, altså Zhōng … guó. Men i motsetning til det mange trur, har altså Zhōngguó knapt blitt brukt som formelt namn på landet opp gjennom tidene.

To gamle kart over Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hàn

I dag kallar kinesarane seg sjølv hàn , men det er som folkeslag, og ikkje som land. Opphavet til denne nemninga var at folkeslag nord for Kina begynte å kalle kinesarane for hàn under Hàn-dynastiet. Dette namnet blei hengande ved kinesarane i ettertid, ofte i nedsetjande tyding. Det er med andre ord noko som andre har «påført» kinesarane, men ofte er det nettopp slik namn på folkegrupper oppstår.

Hàn har òg hatt forskjellig tyding opp gjennom historia. Då mongolane herska over heile Kina på 12- og 1300-talet, kalla dei folket i Nord-Kina (som då var blanda) for hàn, mens kinesarar som budde i Sør-Kina, blei kalla mǎnzi 蛮子, «sørlege barbarar», ei nedsetjande nemning som kinesarane sjølve i si tid hadde brukt på naboane i sør.

Også under det siste dynastiet Qīng (1644–1912) kalla dei herskande mandsjuane kinesarane for hàn. Det var rett nok eit namn på eit folk som hadde blitt erobra, men det hadde ein annan funksjon under Qīng. Mandsjuane såg på keisardømmet sitt som eit fleiretnisk imperium, der dei viktigaste folkeslaga var mandsjuar, hàn, mongolar og tibetanarar.

Ein av drakane frå maleriet Ni drakar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I motstanden mot mandsjuane sitt styre mot slutten av 1800-talet begynte kinesarane å ta i bruk nemninga hàn om seg sjølve. Det fall saman med at moderne nasjonalistisk tenking vaks fram, og det som opphavleg hadde vore eit nedsetjande namn, blei no ein identitetsmarkør som ein kunne bruke til å mobilisere til motstand mot mandsjuane sitt «framandstyre». Det skada jo heller ikkje at namnet viste til det storslåtte Hàn-dynastiet. Men det er altså ikkje slik at kinesarane alltid har rekna seg som hàn-folk på grunn av stordomen til Hàn-dynastiet.

Under dei siste åra av Qing-dynastiet diskuterte òg moderne kinesiske nasjonalistar om eit framtidig fritt Kina skulle bestå berre av dei delane av landet der det budde etniske kinesarar, altså «landet til han-folket», eller om dei burde arve heile keisarriket. Dei fall ned på det siste, og då var Zhōnghuá eit passande namn.

Den dag i dag herskar det derimot framleis ueinigheit om Zhōnghuá først og fremst viser til etniske kinesarar, altså hàn-folk, eller om det er ei slags overnasjonal nemning som rommar alle dei ulike folkeslaga som held til innanfor dei kinesiske landegrensene.

PS: Landet har hatt mange andre namn opp gjennom tidene, både på kinesisk og på vestlege språk, men det får vi late liggje i denne omgangen.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2018

Læringsressursar

Introduksjon til kinesisk