Hopp til innhald

Fagstoff

Kinesisk grammatikk – ei kort oversikt

Kinesisk grammatikk er mindre «komplisert» sett innanfrå enn for eksempel norsk grammatikk, for ikkje å snakke om tysk, fransk eller spansk grammatikk (med alle verbbøyingane). Her følgjer ei kort innføring.
Kinesisklærer underviser elever. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kinesisk har utvikla seg uavhengig av språka vi nemnde over, som alle stammar frå den indoeuropeiske språkfamilien. Kinesisk har opphav i den såkalla sinotibetanske språkfamilien, som ikkje er i slekt med den indoeuropeiske. Derfor er det kanskje heller ikkje så unaturleg at kinesisk grammatikk har ei rekkje måtar å uttrykkje ting på som ofte skil seg veldig frå korleis det fungerer på europeiske språk.

I utgangspunktet finst det få bestemde retningslinjer for at eit språk MÅ strukturerast på ein bestemd måte til fordel for ein annan. Det er likevel mange element som finst på dei fleste (om ikkje alle) språka i verda, for eksempel nomen og verb. På norsk seier vi «eg et mat», mens på japansk seier ein «eg mat et». Og på arabisk seier ein (ofte) «et eg mat» (utsegn, ikkje spørsmål). Tydinga er den same. Det er altså inga sjølvfølgje at subjekt, verb og objekt skal komme i ei bestemd rekkjefølgje. Setningsstrukturen treng ikkje å vere lik på alle språk. Det er heller inga sjølvfølgje at verb skal bøyast. Det går fint an å uttrykkje om ei handling har skjedd, skjer no eller skal komme til å skje, utan nødvendigvis å bøye verbet i presens, preteritum og perfektum.

Ein kan for eksempel (som på kinesisk) heller leggje til andre ord i tillegg til verbet for å uttrykkje ei liknande tyding. Når vi seier at kinesisk grammatikk er enkel, er det først og fremst fordi det ikkje finst noka bøying av ord, som i gå – gjekk, mann – menn og bra – betre. Ein set heller orda saman med andre ord, og i ei bestemd rekkjefølgje, for å uttrykkje liknande forhold.

Under skal vi gå gjennom nokre av dei mest grunnleggjande trekka ved kinesisk grammatikk. Desse vil vere nyttige å ha i bakhovudet når ein lærer språket. Utfordringa ligg i å øve seg opp til å bruke andre grammatiske verkemiddel for å uttrykkje meir eller mindre dei same tinga som ein ville sagt på sitt eige språk. Til desse føremåla har kinesisk spesielt tre typar ord ein må vere merksam på. Vi forklarer desse nedanfor.

Partiklar

Sidan grammatiske forhold ikkje blir uttrykt gjennom bøying, bruker kinesisk ei rekkje såkalla partiklar. Partiklar er ein eigen ordklasse på kinesisk, og det finst mange ulike typar. Dei har det til felles at dei har ein grammatisk funksjon i staden for ei typisk leksikalsk tyding (noko ein kan slå opp i ei ordbok). Eksempel:

de (strukturpartikkel):

Uttrykkjer for eksempel at eit pronomen har eit eigarskapsforhold til eit nomen:


eg«eg»
0;我的 wǒde
eg de / «eg si»«mi»
0;我的书 wǒde shū
eg de bok / «eg si» bok«mi bok»

ma (finalpartikkel):

Skal plasserast på slutten av ei setning for å gjere eit utsegn om til eit spørsmål. Her ser vi at på kinesisk endrar ikkje ordstillinga seg i setninga for å lage ei spørjande setning. I staden gjer partikkelen ma det heile om til ei spørjande setning:

你是学生。
Nǐ shì xuésheng.
du vere student«Du er student.»
你是学生吗?
Nǐ shì xuésheng ma?
du vere student ma«Er du student?»

le (aspektpartikkel):

Skal plasserast etter eit verb for å uttrykkje at verbhandlinga er gjennomført. På norsk gjer vi dette ved å leggje til eit modalverb (har ete) eller ved å bruke bøyinga «åt». Sidan kinesisk ikkje har slik bøying, bruker ein partikkelen le til å uttrykkje at verbet som står framfor han, skal tolkast som gjennomført. Eksempel:

他吃了两碗饭。
Tā chī le liǎng wǎn fàn.
han ete-le to (målord) skåler ris«Han har ete / åt to skåler ris.»

Det er viktig å notere seg at aspektet ved verbhandlinga på kinesisk (i dette tilfellet avslutta handling) er forskjellig frå bøying i tid, som vi har på norsk, og at partikkelen le kan brukast både i setningar som beskriv fortid, notid og framtid på kinesisk. Tidsramma blir sett gjennom kontekst eller ved å bruke tidsord (som i går, i dag, i morgon, osv.) i setninga. 我明天吃了饭就来找你 Wǒ míngtiān chī le fàn jiù lái zhǎo nǐ tyder for eksempel «I morgon når eg har ete, kjem eg og treffer deg.» Her bruker ein le sjølv om handlinga enno ikkje er utført. Ein snakkar om eit framtidig scenario der ho er utført.

Målord

Dette er ein type ord som kan samanliknast med for eksempel «stykk» i setninga «Eit stykk brød.», som refererer til eit heilt brød. I setninga «Eit stykke brød» er det derimot snakk om ein del av eit brød og ikkje eit heilt brød. Målord fungerer i praksis på same måte som dette på kinesisk, der ulike målord kombinert med eitt og same nomen kan uttrykkje forskjellige ting, slik som i eksempelet over. Forskjellen mellom norsk og kinesisk er at på kinesisk MÅ ein alltid ha eit målord framfor eit nomen viss ein skal telje eller spesifisere det. Eksempel:

两个人这个人那个人这两个人
liǎng ge rénzhè ge rénnà ge rénzhè liǎng ge rén
to menneskedette mennesketdet mennesketdesse to menneska

Målordet som er brukt i dette eksemplet, ge, er eit nokså universelt målord. Det kan til nød brukast med dei fleste nomen. Men alle nomen på kinesisk har spesifikke målord (dei vanlegaste utgjer nokre titals) som blir brukte med det enkelte nomen. Ein kan seie at dette fenomenet minner litt om hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsartiklane vi har på norsk (ein, ei og eit), på den måten at desse òg må lærast saman med kvart individuelle nomen.

Tilstandsverb

Tilstandsverb kan ofte omsetjast til norsk med adjektiv. Grunnen til at vi ikkje bruker ordet adjektiv i dette læreverket er at desse orda ofte oppfører seg som verb på kinesisk. Det gjer det nyttig å bruke omgrepet verb i staden, ettersom dei grammatisk fungerer verbalt. Samanlikn dette:

你好吗?Nǐ hǎo ma?Er du bra?«Har du det bra?»
我很好。Wǒ hěn hǎo.Eg (hěn) braer.«Eg har det bra.»
Det er altså ikkje slik at ein i setninga 我很好 Wǒ hěn hǎo – «eg-veldig-bra» – berre har late vere å bruke verbet «å vere», det er slik at ordet hǎo – «bra» – er verbet i den kinesiske setninga. Ein kan gjerne derfor omsetje til norsk med det litt kunstige «Eg braer» (som om ordet «bra» kunne brukast som verb på norsk) for å gjengi kinesisken mest mogleg korrekt. Setninga *wǒ shì hěn hǎo eller wǒ shì hǎo er begge feil på kinesisk, fordi tydinga «å vere» allereie er «innebygd» i ordet hǎo.

Til slutt er det verdt å nemne at ord ofte kan fungere i fleire ordklassar avhengig av korleis dei blir brukte. På eldre kinesisk var det ganske vanleg at eit ord kunne ha både nominale og verbale funksjonar, alt etter samanhengen. I moderne kinesisk er det eit klarere skil mellom desse funksjonane, men det skjer likevel så ofte at ein må vere merksam på fenomenet. For eksempel kan ordet xìng tyde både «å heite (til etternamn)» og «etternamn».

Det er fleire ting som skil norsk og kinesisk grammatikk frå kvarandre enn dei som er nemnde her, men grovt sett er desse nokre av dei viktigaste forskjellane. Meir spesifikke fenomen blir beskrivne i tur og orden etter kvart som dei dukkar opp i dei enkelte leksjonane.

Relatert innhald

Det finst mange rare førestillingar om det kinesiske språket. Her er eit lynkurs i kinesisk.

Kinesisk uttale er forholdsvis enkel å meistre for nordmenn, men kan òg vere utfordrande.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Introduksjon til kinesisk