Hopp til innhald

Fagstoff

Det kinesiske språket

Det finst mange rare førestillingar om det kinesiske språket. På grunn av skriftteikna trur mange at kinesarane går rundt og snakkar i bilete. Det er i og for seg rett at kinesisk har eit frodig biletspråk, men det kjem ikkje av skriftteikna, det kjem av lange og rike språktradisjonar.
En som skriver kinesiske tegn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre trur at kinesisk er eit einstavingsspråk, at alle ord berre har éi staving. Det var i stor grad tilfellet for dei eldste formene for kinesisk, men gjeld slett ikkje for moderne kinesisk, der dei fleste orda består av to stavingar. Andre igjen har laga fantasifulle og eksotiske tolkingar av kinesiske skriftteikn som ikkje har noko med verkelegheita å gjere.

Språk er tale!

Kinesarane går med andre ord ikkje rundt og «snakkar» skriftspråket sitt, det er omvendt. Skriftspråket uttrykkjer dei meiningane og dei refleksjonane som kinesarar opp gjennom tidene har uttrykt. Også for kinesisk gjeld det same grunnleggjande føremålet med eit skriftspråk som for alle andre skriftspråk. Det skal uttrykkje språkleg meining. Men metoden kinesarane har utvikla for å framstille det munnlege språket sitt skriftleg, er ganske unik. Og ikkje berre det. Det kinesiske skriftspråket er det eldste i verda som framleis er i aktiv bruk.

Kva står så igjen – etter at vi har knust dei viktigaste mytane om kinesisk? Det er eit språk som er vesensforskjellig frå vårt, og det er forholdsvis krevjande å lære godt, først og fremst på grunn av skriftspråket. Her følgjer eit ti minutts lynkurs.

Isolerande språktype

Kinesisk har ingen bøyingar, som dei indoeuropeiske språka våre i forskjellig grad er fulle av. Kinesarar bøyer ikkje orda verken i kjønn, tal, person, kasus eller tid. Eit kinesisk ord endrar aldri uttale, struktur eller form, same kva funksjon ordet har i setninga. Slike språktypar kallar vi for isolerande språk, og kinesisk er stjerneeksempelet på slike språk. (Det finst tilfelle i kinesisk der ord endrar form, men det kjem av andre forhold enn setningsfunksjonar.)

Korleis klarer ein så å uttrykkje meining med så «lite»? For det første blir rekkjefølgja på orda i ei setning avgjerande for tydinga. For det andre har kinesisk ord som markerer forskjellige grammatiske funksjonar (for eksempel underordning og handlingsaspekt), som dei tek i bruk etter behov.

Enkel ordstruktur, rikt språk

Den «nakne» ordstrukturen og ein forholdsvis enkel stavingsstruktur gir mange likelydande stavingar, noko som igjen truleg har bidrege til einstavingsmyten. På grunn av dette meinte mange tidlegare at kinesisk var eit primitivt språk. Men det er motsett. Det er eit resultat av ei lang og rik språkleg utvikling. (Det er òg ein god del i vårt språk som strengt teke er overflødig, og som vi kan skrelle vekk utan at meininga går tapt.) Den meir «opne» språkstrukturen gir eit stort rom for variasjonar i uttrykksform, men det gjer det òg krevjande for utlendingar å bli verkeleg gode i kinesisk.

Ikkje alt er annleis

Dei som ønskjer å lære seg kinesisk, får ofte høyre at dei berre må gløyme det dei tidlegare har lært om språk. Det er å ta altfor hardt i. Det finst nok av trekk ved kinesisk som vi er ganske fortrulege med.

  • Den grunnleggjande ordstillinga er den same som hos oss: subjekt-verb-objekt.
  • Dei fleste ordklassane er som våre, med ein del unnatak og særeigenheiter.
  • Underordning kjem framfor det det står til (min kopp, to hus).
  • Komplement kjem etter det dei står til (springe til skogs).
  • Språklydane byr normalt ikkje på uoverkommelege problem for ein norsktalande, men enkelte lydar krev ein ekstra innsats å få på plass.

Men det er òg viktige forskjellar i tillegg til dei vi har nemnt tidlegare. Her skal vi kort ta for oss to av dei, nemleg det at kinesisk er eit tonespråk, og det at skriftspråket er heilt unikt.

Tonespråk

Kinesisk er eit tonespråk. Det inneber at kvar staving blir uttalt med ein bestemd språktone for å skilje tydingar frå kvarandre. Tonespråk er ganske vanlege i Asia og Afrika, men sjeldne i Europa.

Her har vi ein absolutt fordel i Noreg. Vi har noko som liknar på norsk, nemleg tonelag (bortsett frå på enkelte nordnorske dialektar og i enkelte strøk på Vestlandet). Vi forstår instinktivt forskjellen når nokon seier for eksempel «bønder» og «bønner», og ei slik språkfornemming er viktig å ta med seg når ein skal lære kinesisk. Forskjellen ligg i at vårt tonelag pregar heile ordet, mens på kinesisk ligg tonen på kvar enkelt staving.

Moderne standard kinesisk har fire forskjellige språktonar (andre kinesiske dialektar kan ha fleire). Den første språktonen er høg og jamn, som i – «mor» – den andre er stigande frå midten, som i – «hamp» – den tredje er «dykkande», som i – «hest» – og den fjerde er fallande, som i – «å skjelle ut». I tillegg mistar ein del stavingar tonen i visse samanhengar, og dei aller fleste grammatiske ord er tonelause, mellom anna spørjepartikkelen ma . Det kallar vi nøytral tone, og dette får inga tonemarkering i transkripsjon.

Språktonane blir slipte i vanleg tale, men for dei som vil lære seg kinesisk, er det betre å overdrive markeringa av tonane i starten enn ikkje å få dei på plass i det heile teke. Det er svært viktig å vere klar over at språktonen ikkje er noko som «kjem i tillegg» til ordet. Det er ein integrert og heilt nødvendig del av eit ord. Ein kan ikkje lære seg kinesisk først og tonane etterpå. Då har ein allereie lagt seg til uvanar som blir vanskeleg å rette opp. Kinesarane er vande med at mange utlendingar har problem med språktonane, og dårleg tonekontroll kan føre til misforståingar.

3 bilete av kinesiske skriftteikn. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftspråket

Det kinesiske skriftsystemet slik vi kjenner det i dag, er om lag 3200 år gammalt, men må ha eit endå eldre opphav, ettersom dei eldste formene allereie var ganske utvikla. Det er ei utbreidd feiloppfatning at det kinesiske skriftsystemet er piktografisk, eller biletbasert. Det er rett at skriftspråket har opphav i biletmessige framstillingar, men slike teikn utgjer berre eit lite mindretal i dag. Viss dei gamle kinesarane ikkje hadde funne opp ein måte å konstruere skriftteikn etter behov på, ville dei ha måtta avskaffa systemet og finne på noko anna.

Kort sagt går metoden ut på å kombinere eit tydingselement og eit lydelement for å skape eit nytt skriftteikn. Langt dei fleste teikna i ei kinesisk ordbok i dag er konstruert på denne måten.

Sjå eigne artiklar for meir om det kinesiske skriftspråket.

Kinesiske elever lærer seg engelsk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transkripsjon av kinesisk

Det å skrive kinesisk med våre bokstavar kallar vi for transkripsjon. Her har det eksistert mange meir eller mindre gode system opp gjennom tidene, med forskjellige skrivemåtar basert på forskjellige europeiske språk. Det systemet som er blitt einerådande i dag, blei utforma av kinesiske språkforskarar tidleg på 50-talet og blir kalla for pīnyīn. Pīn tyder «å setje saman» og yīn tyder «lyd». Det vakre med pinyin-systemet er at uttalen er heilt føreseieleg. Når ein har meistra det, slepp ein å slite med unnatak frå regelen.

Pinyin-systemet er basert på standard kinesisk uttale, og her har faktisk vi utlendingar ein fordel framfor kinesarane, som i dei fleste tilfella snakkar eller er prega av forskjellige dialektar (i alle fall heime). Det gjer det ofte vanskeleg for dei å ha ei klar førestilling om korleis eit ord skal skrivast på pinyin ut frå standard uttale.

Ver så god, pugg!

Og vil ein lære seg kinesisk, kjem ein ikkje utanom pugging. For det første må ein lære seg å hugse kva eit skriftteikn tyder. Og for det andre er det viktig å hugse korleis ein uttaler kvart einaste eitt av dei mange teikna viss ein vil lære å lese, sidan skriftteikn berre gir tydinga og ikkje uttalen. (Mange skriftteikn kan gi eit vink om uttalen gjennom lydelementet, men det er ikkje nok.) Med andre ord har ein i alle fall fått seg ein hobby som vil vare livet ut, og som gir god trim for grånande hjerneceller når den tid kjem.

Ein kan godt lære seg å snakke brukbart kinesisk utan å kunne lese eller skrive. Men ein vil ikkje føle seg heime i språket før ein har lært seg å lese, sidan all skriftleg kommunikasjon er basert på skriftteikn. Og viss ein òg vil lære å skrive, er det ikkje nok å berre forstå kva skriftteiknet tyder, ein må òg vite kor mange strekar det består av, i kva rekkjefølgje dei enkelte strekane skal skrivast, og kva «schwung» ein må gi dei for at det skal sjå ut som eit verkeleg kinesisk skriftteikn.

Relatert innhald

Kinesisk er det einaste av fire skriftspråk utvikla av gamle høgkulturar som ikkje først og fremst har blitt eit lydbasert skriftspråk.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Introduksjon til kinesisk