Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 16

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen «Å byte mobiltelefon».
Kinesiske teikn. Betydning: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. yòu

又没有坏 yòu méi yǒu huài

yòu betyr vanlegvis «igjen», men treng ikkje nødvendigvis referere til tid. Her betyr det «òg» og blir gjerne brukt når ein vil leggje vekt på at noko på ingen måte er det einaste aspektet ved noko.

Eksempel:

  1. 这个东西很贵,又不是特别好。Zhè ge dōngxi hěn guì, yòu bú shì tèbié hǎo. – Denne greia er kjempedyr, og heller ikkje spesielt bra!
  2. 你今天没有来,又没告诉我! Nǐ jīntiān méi yǒu lái, yòu méi gàosu wǒ! – I dag kom du ikkje, og du sa heller ikkje noko!

2. bìng

你并不需要新的iPhone。
Nǐ bìng bù xūyào xīn de iPhone.

bìng blir alltid brukt saman med og uttrykkjer betydninga «på ingen måte». Det legg vekt på eit negativt eller fråverande aspekt.

Eksempel:

  1. 你并不是老师,你怎么知道! Nǐ bìng bú shì lǎoshi, nǐ zěnme zhīdào? – «Du er ikkje lærar, du veit då slett ikkje!»
  2. 虽然他有经验,可是他这里说的并不对! Suīrán tā yǒu jīngyàn, kěshì tā zhèli shuō de bìng bú duì! – «Sjølv om han har erfaring, har han på ingen måte rett her!»

3. 一直 yìzhí

一直盯着手机屏幕
Yìzhí dīngzhe shǒujī píngmù

一直 yìzhí er eit adverb som blir plassert føre verb for å uttrykkje at ein konstant utfører dette verbet.

Eksempel:

  1. 他一直这么说,可是我还是不同意。 Tā yìzhí zhème shuō, kěshì wǒ háishi bù tóngyì. – «Han seier det heile tida, men eg er framleis usamd.»
  2. 他一直是这样,应该不会改变。 Tā yìzhí shì zhè yàng, yīnggāi bú huì gǎibiàn. – «Han er alltid sånn og kjem nok ikkje til å forandre seg.»
CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Leksjon 16: Å byte mobiltelefon