Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 16

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen «Å byte mobiltelefon».
Kinesiske skriftteikn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Aspektpartikkelen guo

你见过最新的苹果手机吗?
Nǐ jiàn guo zuì xīn de píngguǒ shǒujī ma?

guo er ein såkalla aspektpartikkel (same kategori som verb- le), som uttrykkjer ei tidsrelatert meining knytt til verbhandlinga. Til forskjell frå verb-, som uttrykkjer avslutta handling, uttrykkjer guo erfart handling. Dette betyr at ein bruker guo bakpå verb der ein vil uttrykkje eller spørje om noko har blitt gjort, eller ei nokon gong på eit tidlegare tidspunkt.

Døme:

  1. 你吃过中国菜吗?Nǐ chīguo Zhōngguó cài ma? – «Har du ete kinesisk mat (før)?»
  2. 你去过你中国吗? Nǐ qùguo Zhōngguó ma? – «Har du vore i Kina (nokon gong)?»
  3. 我见过他。 Wǒ jiànguo tā. – «Eg har møtt han (tidlegare).»

Til forskjell frå verb- kjem med òg i nektande verb.

Samanlikn:

Spørjesetning

Nektande svar

你吃过…吗?
Nǐ chīguo … ma?
«Har du ete … før?»

没吃过。
Méi chīguo.
«Aldri ete.»

你吃了吗?
Nǐ chī le ma?
«Har du ete?»

没吃。
Méi chī.
«Ikkje ete (enno).»

2. Resultative komplement

我已经存够钱了…
Wǒ yǐjīng cúngòu qián le ...

Her har vi ein såkalla verb+resultativt komplements-struktur. cún betyr «å spare», og gòu betyr «nok», men her blir gòu brukt som eit grammatisk funksjonsord til verbet cún.

Samanlikn:

Verb+komplement

Omsetjing

Eksempelsetning

存够
xúngòu

«spart nok»

存够钱了。
Cúngòu qián le.

吃够
chīgòu

«ete nok»

我吃够了,再吃就要胖了!
Wǒ chīgòu le, zài chī jiù yào pàng le!

听够
tīnggòu

«høyrt nok»

我听够了,我回家。
Wǒ tīnggòu le, wǒ huí jiā.

Resultative komplements-strukturar har vanlegvis 了 le etter seg (eventuelt etter objektet, viss det er eit).

3. 对...有... duì ... yǒu ...

对环境有很不好的影响
duì huánjìng yǒu hěn bù hǎo de yǐngxiǎng
«har dårleg innverknad på miljøet»

电子产品对我们的生活产生不好的影响。
Diànzǐ chǎnpǐn duì wǒmende shēnghuó chǎnshēng bù hǎo de yǐngxiǎng.
«Digitale produkt har lite god påverknad på liva våre.»

对…有… duì … yǒu … er eit mønster som kan brukast med fleire uttrykk. duì er her ein preposisjon og betyr «mot» og står føre den/det som blir utsett / er mottakar for eller av noko.

Samanlikn:

Omsetjing


duì



yǒu

影响
yǐngxiǎng

«har innverknad/påverknad på han»


duì

我们
wǒmen


yǒu

帮助
bāngzhù

«er til hjelp for oss»


duì

孩子
háizi


yǒu

好处 / 坏处
hǎochù/huàichù

«har fordelar/ulemper for barn»

4. 越来越 yuèlái yuè

越来越上瘾 yuèlái yuè shàngyǐn – «meir og meir avhengig»

越来越差 yuèlái yuè chà – «meir og meir dårleg» / «dårlegare og dårlegare»


越来越 yuèlái yuè blir plassert føre tilstandsverb (adjektiv) for å uttrykkje betydninga «meir og meir …».

Eksempel:

  1. 他很认真地学习,所以他的中文越来越好。 Tā hěn rènzhēn dei xuéxí, suǒyǐ tāde zhōngwén yuèlái yuè hǎo. – «Han studerer godt, så kinesisken hans blir betre og betre.»
  2. 物价越来越贵,我们怎么办? Wùjià yuèlái yuè guì, wǒmen zěnmebàn? – «Prisane blir dyrare og dyrare, kva skal vi gjere?»

Det finst òg eit liknande uttrykk med ei litt anna betydning. Formelen er:

yuè + adjektiv 1 + yuè + adjektiv 2 – «jo … desto …»


Døme:

  1. 越多越好 yuè duō yuè hǎo – «jo meir, jo betre»
  2. 越晚越方便 yuè wǎn yuè fāngbiàn – «jo seinare, desto meir passande»

5. Adverbial+verbal-konstruksjon

我觉得我们应该合理地使用
wǒ juéde wǒmen yīnggāi hélǐ de shǐyòng

Formelen adjektiv/adverb+verb blir kalla ein adverbial+verbal-konstruksjon og blir brukt når ein vil spesifisere ein viss måte eit verb blir utført på. 合理 hélǐ betyr «rasjonelt», og 使用 shǐyòng betyr «å bruke». Partikkelen de signaliserer at adjektivet 合理 hélǐ beskriv måten verbet 使用 shǐyòng blir gjort på.

Døme:

  1. 认真地做 rènzhēn de zuò – «å oppriktig gjere»
  2. 谨慎地办 jǐnshèn de bàn – «å forsiktig handtere»

Merk at 地, 的 og 得 alle har separate grammatiske funksjonar, sjølv om dei alle blir uttalte de.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2020

Læringsressursar

Leksjon 16: Å byte mobiltelefon