Hopp til innhald
Øving

Å byte mobiltelefon – skriveoppgåve 4

I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon om mobiltelefonar og miljø.

Presentasjonsoppgåve

Lag ein skriftleg presentasjon på kinesisk om innverknaden mobiltelefonar har på miljøet. Presentasjonen kan innehalde ulike element, som bilete, illustrasjonar, videoklipp, lyd og så vidare.

Ta gjerne utgangspunkt i denne lista over miljøskadelege moment:

  • Kjemikaliar som blir brukte i prosessering av metall, er miljøskadelege.
  • Metallutvinning øydelegg naturen.
  • Metalla som blir vunne ut, blir det stadig mindre av.
  • Produksjonen krev mykje straum.
  • Brukte mobiltelefonar er farleg avfall.

Finn ut kva dei ulike delane heiter på kinesisk, lag enkle forklaringar på kinesisk, og legg til bilete, video og så vidare. Lag òg gjerne ein quiz.

Hald presentasjonen for klassen.