Ulike pleieplanar
Det er forskjell på ein administrativ og ein pedagogisk pleieplan. Under opplæringa blir det ofte nytta ein pedagogisk pleieplan der du grunngir dei tiltaka du foreslår. Når du grunngir, får du øving i å nytte fagstoff som er relevant for planen.
Administrativ pleieplan
Ein administrativ pleieplan blir nytta til å administrere pleia til ein bestemd brukar. Han består ofte av rubrikkar der ein kan setje inn relevant informasjon.
Under opplæringa må du øve deg i å skrive pleieplanar. Du kan ta utgangspunkt i ein brukar du møter i yrkesfagleg fordjuping (då må du anonymisere – hugs teieplikta), eller du kan ta utgangspunkt i ein beskriven situasjon, ein case.
Pedagogisk pleieplan
Sidan det ikkje går an å evaluere prosessen i ein tenkt plan, inneheld ein pedagogisk pleieplan ein rubrikk som erstattar dette. Du skal grunngi dei tiltaka du foreslår, ut frå fagleg kunnskap som du tileignar deg i løpet av opplæringa.