Munnleg rapport
Når informasjon blir fortald frå person til person fleire gonger, kan han forandre seg undervegs. Korleis kan du kvalitetssikre opplysingar om brukarar for å unngå at det oppstår feil og manglar?
Oppgåve
- Gå saman i grupper på fire–fem elevar. Kvar gruppe skriv ei brukarhistorie.
- Ei gruppe går ut av klasserommet. Resten av klassen skal vere observatørar.
Ein elev frå ei anna gruppe tek utgangspunkt i brukarhistoria frå gruppa si, og gir munnleg rapport til den første eleven som kjem inn i klasserommet.
- Denne eleven skal så fortelje vidare til neste elev som kjem inn. Hald fram til alle dei som var ute, har fått rapporten og fortalt han vidare til neste elev.
- Den siste eleven fortel rapporten til heile klassen.
- Gjenta øvinga slik at alle gruppene har vore ute av klasserommet, og alle historiene har vorte fortalde.
- Diskuter i klassen:
- Kva skjedde med rapporten undervegs i prosessen?
- Korleis kan vi kvalitetssikre ein munnleg rapport?
- Kva lærte de av denne øvinga?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021