Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utrekning av lottoppgjer

I denne oppgåva skal vi rekne ut kva lott per fiskar blir etter eit fiske.

Du er mannskap med full lott på ein snurrevadbåt på 76 fot (ca. 23 meter) på vinterfiske etter torsk. Lasteromsvolumet til båten er på 80 kubikkmeter. Det er seks fiskarar om bord.

Båten fiska og leverte 264 000 kg torsk til ein gjennomsnittspris på 32,50 kr per kg. Fellesutgiftene er i perioden 540 000 kroner.

  1. Rekn ut brutto fangstverdi.

    Tips

    Dersom éin kg gir 32,50 kroner, kor mange kroner gir 264 000 kg?

    Løysingsforslag

    Brutto fangstverdi er

    264 000 kg·32,50 kr/kg=8 580 000 kr

  2. Rekn ut delingsfangst.

    Tips

    Delingsfangsten er det som blir igjen av brutto fangstverdi når fellesutgiftene er trekte frå.

    Løysingsforslag

    Delingsfangsten blir

    8 580 000 kr-540 000 kr=8 040 000 kr

  3. Finn tabellen for surrevadfiske i overeinskomsten. Gå inn på talet på mannskap og storleiken på båten og finn ut kor stor del (prosent) av delingsfangsten mannskapet skal ha. Du finn fiskeriovereinskomsten hos Noregs Fiskarlag. Vel vidare "Gjeldende fiskerioverenskomst".
    Tips

    Finn tabellen for snurrevadfiske. I tabellen for lasteromsvolumet til båten i kubikkmeter og lengde i fot må vi sjå på kolonnen "75–95" for kubikkmeter. Her er talet på fot mellom 75 og 80, så det skulle vere greitt. Vi må sjå på rada der talet på personar er 6.

    Fasit

    Ifølgje tabellen (tal frå juni 2020) er prosentdelen til mannskapet 44.

  4. Rekn ut kor mykje mannskapet skal ha av delingsfangsten i kroner.
    Tips

    Her må vi rekne ut kor mykje 44 prosent er av delingsfangsten, som er 8 040 000 kroner.

    Løysingsforslag

    Mannskapet skal då ha

    8 040 000 kr100·44=3 537 600 kr

  5. Rekn ut kor mykje det blir i lott på kvar av mannskapet i dette fisket.

    Løysingsforslag

    Kvar person får

    3 537 600 kr6=589 600 kr

  6. Gjer dei same utrekningane med eit rekneark der du legg følgjande tal i eit inndataområde: fangst i kg, kilopris i kr/kg, fellesutgifter i kr, talet på mannskap og mannskapets prosentdel av delingsfangsten.
  7. Kva blir lotten på kvar av mannskapet viss dei hadde vore 7 på båten?
    Tips

    Når vi endrar mannskapet til 7, er det òg eit anna tal som må endrast. Kva for eit?

    Fasit

    Når vi endrar mannskapet til 7, skal prosentdelen av delingsfangsten til mannskapet vere 46. Når desse to tala blir endra i reknearket, blir lott per person 528 342,86 kroner.

  8. Lag reknearket slik at du ikkje treng å endre prosentdelen av delingsfangst om du byter mannskapet mellom 6 og 7.

    Tips 1

    Får å få til dette, må vi nytte reknearkkommandoen HVIS().

    Tips 2

    Vilkåret i HVIS()-kommandoen kan vere at dersom mannskapet er 6, er prosentdelen 44. Viss ikkje, er han 46.

  9. Ulempa med reknearket i førre oppgåve er at det berre fungerer dersom mannskapet er 6 eller 7. Kva skjer viss vi skriv at mannskapet er 8?
    Endre på HVIS()-kommandoen slik at mannskapet kan vere 8 utan at vi må endre manuelt på prosentdelen, og finn ut kva lotten på kvar av mannskapet blir når dei er 8.

    Tips 1

    Viss vi ikkje gjer noko med reknearket og skriv at mannskapet er 8, vil prosenten vere den same som for 7. Det er han ikkje, ifølgje tabellen. For å fikse dette, kan vi setje ein HVIS()-kommando inni den eksisterande HVIS()-kommandoen.

    Tips 2

    Vilkåret i HVIS()-kommandoen kan vere at dersom mannskapet er 6, er prosentdelen 44. Viss ikkje, lagar vi ein ny HVIS() der vilkåret er at dersom mannskapet er 7, er prosentdelen 46. Viss ikkje, er han 48 (ut ifrå tabellen for snurrevadfiske).

    Fasit

    Med eit mannskap på 8 (og ein prosentdel på 48) blir lotten på kvar av mannskapet lik 482 400 kroner.

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst