Hopp til innhald

Fagstoff

Omsetning og avlønning i fiskeflåten

I Noreg blir fisken omsett via salslag, og omsetninga er regulert av råfisklova. Fiskaren får anten fast lønn eller ein del av fangsten som blir kalla lott.

Omsetning av fisk

I tidlegare tider var fiskarane avhengige av å selje fangsten sin til ein oppkjøpar som heilt fritt kunne avgjere kva han ville betale for varene. Tidleg i førre hundreåret samla fiskarane seg og fekk etter fleire års kamp på plass det vi kallar råfisklova. Ho vart første gongen vedteken i 1938. I etterkant er Norges Råfisklag etablert. Råfisklaget skulle sikre medråderett for fiskarane og rettferdige prisar for fangsten.

Salslag

I dag organiserer Norges Råfisklag omsetninga av villfanga marine artar frå og med Nordmøre til og med Finnmark.

Norges Råfisklag er eit av seks fiskesalslag som i samsvar med fiskesalslova tek hand om viktige nasjonale oppgåver og organiserer førstehandsomsetninga av fisk i Noreg. Fem av salslaga, med Norges Råfisklag som det største, tek hand om omsetninga av torskefisk, skaldyr, blautdyr og småkval. Omsetninga av sild og annan pelagisk fisk skjer gjennom Norges Sildesalgslag.

Lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova), Lovdata.no

Logoane til Norges Sildesalgslag, Vest-Norge Fiskesalgslag, Rogaland Fiskesalgslag, Surofi og Skagerakfisk. Illustrasjon.

Sluttsetel

 Sluttsetel for levering av fisk. Foto.

Oppgjeret for fangst gjennom salslaga skjer etter ein skriftleg avtale som blir kalla oppgjersavtalen. Fiskaren har garanti for oppgjer for fisken som er levert, og det er fastsett minsteprisar for fisk levert frå fiskaren.

Ved levering blir fangstkvantumet ført inn på sluttsetelen. På sluttsetelen fører ein òg inn dei fiskesortane det gjeld, kor mange kilo som er levert av kvar sort, og til slutt prisen som oppkjøparen har betalt.

Hugselapp

  • Fast lønn blir betalt ut kvar månad.
  • Lott er berekna ut frå storleiken på fangsten.
  • Råfisklova vart vedteken i 1938.
  • Vi har seks salslag. Salslaga sikrar at fiskaren får ein minstepris for fangsten.
  • Når fisken er levert, skriv seljaren og kjøparen ein sluttsetel.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Fiskeri – næring, yrket og produkt