Hopp til innhald
Fagartikkel

Gjennomføring av ein risikoanalyse

Vi kan gjennomføre ein risikoanalyse på fleire ulike måtar. Her skal vi sjå nærare på to måtar å arbeide på.

Risikoanalyse – metode 1

Når vi bruker denne metoden, kombinerer vi nivåa for sannsyn og konsekvens i eit risikodiagram:

Risikoanalyse - metode 1

Sannsyn

Konsekvens

Mindre farleg

Farleg

Kritisk

Katastrofalt

Ufarleg

Mindre sannsynleg

Lite sannsynleg

Sannsynleg

Ganske sannsynleg

Svært sannsynleg

Til hjelp i dette arbeidet bruker vi eit skjema for risikovurdering:

  • Uønskt hending (1049 kb)

  • Risikoanalyse – metode 2

    Den andre typen risikoanalyse kan gjerast ved hjelp av eit 3 x 3-skjema.

    Både sannsyn og konsekvens kan då ha verdiane 1, 2 eller 3 (men aldri 0). Det betyr at den høgste risikoen er 9 og den lågaste 1.

    Dersom du har vurdert ei uønskt hending til å ha sannsyn 2 og konsekvens 3, vil du med andre ord ende opp i raudt felt i matrisa under (2 x 3 = 6).

    Risikoanalyse - metode 2

    SANNSYN

    KONSEKVENS

    Liten konsekvens

    = 1

    Middels konsekvens

    = 2

    Stor konsekvens

    = 3

    Svært usannsynleg

    = 1

    Risiko kan tolererast

    1

    Risiko kan tolererast

    2

    Ver merksam

    3

    Sannsynleg

    = 2

    Risiko kan tolererast

    2

    Ver merksam

    4

    Høg risiko. Tiltak NO

    6

    Svært sannsynleg

    = 3

    Ver merksam

    3

    Høg risiko. Tiltak NO

    6

    Høg risiko. Tiltak NO

    9

    Kva metode du vel for å gjennomføre ein risikoanalyse, er ei smakssak. Det viktigaste er korleis du grunngir valet av sannsyn og konsekvens.

    Forklar val av sannsyns- og konsekvensnivå ut frå den uønskte hendinga, og ut frå dei tiltaka som verksemda allereie har sett i gang. Der du ser at det er nødvendig med nye tiltak, er du over på punkt 5 i metoden for risikoanalyse: å foreslå sikkerheitstiltak.


    Relatert innhald

    Fagstoff
    Tiltaksplanar

    Ein tiltaksplan eller ein handlingsplan skal vere ei oppsummering av det som må gjerast for å redusere risikoen i verksemda.