Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Risikoanalyse for praksisplassen din

I denne oppgåva skal du gjennomføre ein enkel risikoanalyse for praksisplassen din.
Tabell som viser samanhengen mellom konsekvens og sannsyn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Risikoformelen

sannsyn×konsekvens=risiko

Når du gjennomfører ein risikoanalyse, vil det seie at du vurderer sannsyn og konsekvens av uønskte hendingar for å kome fram til eit risikotal.

Når du skal gjennomføre ein risikoanalyse for praksisbedrifta di, må du sjå nærare på kva som er spesielt for bedrifta, og kva truslar akkurat denne bedrifta må tenkje på.

Tenk over

Skildring av geografisk plassering, storleik på plassen og byggjemateriale har noko å seie for risikovurderinga. Kvifor trur du dette er viktige faktorar i risikovurderinga?

Oppgåve

  1. Identifiser moglege truslar for praksisplassen din. Du bør ha med minst ein trussel frå kvar av dei følgjande kategoriane:

  • menneske

  • miljø

  • omdøme

  • materielle verdiar

  1. Gi kvar enkelt trussel ein verdi mellom 1 og 3 for både sannsyn og for konsekvens.

  2. Bruk risikoformelen for å berekne risikotalet. Plasser deretter risikotalet i ei matrise, du kan gjerne bruke illustrasjonsbiletet som mal.

  3. Presenter funna dine. Grunngi valet av truslar, og forklar korleis du kom fram til risikotalet.

  4. Foreslå tiltak som kan bidra til å minimere risikoen for dei ulike truslane.

Tips – faktorar du kan sjå nærare på
  • naudutgangar

  • verneutstyr

  • handtering av personopplysingar

  • plassering / tilgang til verdiar

  • system for avfall og resirkulering

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Risikoanalyse