Hopp til innhald

Fagstoff

Om vaktverksemdsbransjen

Tek du fagbrev i sikkerheitsfaget, blir du ein del av ein bransje i stadig utvikling. Bransjeforeininga Sikkerhet og Beredskap i NHO Service og Handel inkluderer vakthald, verdisikring, tekniske sikkerheitsløysingar og låsesmedar.
Ein vektar og to brannkonstablar samhandlar om eit dokument. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korte fakta om sikkerheitsbransjen

  • I første kvartal av 2020 var det ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) 7763 personar som oppgav å vere vektar av yrke.

  • Delen kvinner var 26 prosent, mot 47 prosent totalt i alle yrke.

  • 69 prosent av vektarane var under 40 år, mot eit snitt på 46 prosent for alle yrke.

Bransjeforeininga Sikkerhet og Beredskap består av 305 verksemder i 54 konsern med 9,2 milliardar kroner i omsetning og 8947 årsverk samla sett. Det viser rapporten Tall og Trender 2020 frå NHO.

Fire hovudtenester

Vaktverksemder tilbyr fire hovudtenester.

Stasjonært vakthald

Dette er vakthald for ein bestemt kunde, som vektaren jobbar for i heile tenesteperioden. Døme er resepsjonsteneste, vakt i døra og vakthald på byggjeprosjekt.


Mobilt vakthald

Dette er ei vektarteneste der vektaren varetek sikkerheitsbehova til fleire kundar i eit større område. Tenesta går i hovudsak føre seg på natt og i helger.

Publikumsretta vakthald

Publikumsretta vakthald er ei vektarteneste der vektaren jobbar direkte med kundane til oppdragsgivaren. Døme er vakthald på kjøpesenter og i butikkar og områdevakthald i by- og bumiljø. Publikumsretta vakthald kan òg vere arrangementsvakthald og vakthald på utestader og skjenkestader.

Svinnkontroll

Svinnkontroll er tenester som skal bidra til å redusere svinn hos kundar, inkludert å avdekkje underslag internt hos kundane og å stanse og førebyggje butikktjuveri.

Kilde

NHO. Tall og Trender 2020: Sikkerhet og beredskap.
https://www.nhosh.no/tall-og-fakta/tall-og-trender/tall-og-trender-2020/sikkerhetogberedskap/


CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen