Framferd som vektar
Basert på førsteinntrykket gjer vi oss opp ei oppfatning om ein person og bedrifta hen representerer. Det blir sagt at tjue sekund er den tida du får til å gi eit godt førsteinntrykk. Hugs at du berre får sjansen til å gi eit førsteinntrykk éin gong.
Vektarar er oftast uniformerte, og det er viktig at uniforma er korrekt i samsvar med reglementet. Visste du at vaktselskapet og politimeisteren saman har bestemt standarden for uniforma til vektarane? Sivile sko, eigen caps og anna personleg tilbehøyr skal ikkje blandast med uniforma. Berre tilbehøyr som er godkjent av vaktselskapet, skal nyttast. Ein av grunnane til dette er at inntrykket du gir ut til publikum, er på vegner av heile vaktselskapet.
Du skal heller ikkje gå personlege ærend iført uniform. Har du på deg arbeidsantrekk, er du tilsynelatande på jobb. Det er svært uheldig om det skulle oppstå ei hending mens du er ute på privat ærend iført uniforma.
Når eit fly kjem til ein internasjonal flyplass, blir det blanda passasjerar frå mange land og mange fly inne i eit sikra område. Passasjerane må derfor sjekkast på same måte på alle flyplassar.
Når ein passasjer blir sjekka, skjer det ved at handbagasjen blir send gjennom ei røntgenmaskin. Sjølv spaserer passasjeren gjennom ein metalldetektorportal. Oppgåva til vektarane er å analysere kva som er i handbagasjen, og å rettleie passasjerar som har for mykje metall på seg. Dersom metalldetektoren gir utslag, må passasjeren sjekkast manuelt.
Mange passasjerar er litt stressa, særleg når det pip i detektoren. I slike situasjonar er det viktig at vektarane opptrer høfleg. Vektarane kan fort bli oppfatta som nedlatande sidan dei går nær den personlege sfæren til dei reisande.
Nokre passasjerar må ta av seg skoa og leggje frå seg belte, jakke, briller, lommebok og så vidare, noko som ville ha vore heilt utenkjeleg under andre omstende. Ei slik undersøking krev samtykke.
På den andre sida har eigaren av flyplassen høve til å krevje at passasjeren følgjer sikkerheitskrava, nemleg å gå gjennom metalldetektor og så vidare. Dersom passasjeren nektar, blir konsekvensen at hen ikkje får anledning til å reise. Her ser vi eit døme på at på flyplassen er krava til eigaren "sterkare" enn retten passasjeren har til å nekte å bli undersøkt.
Vektarar som jobbar i kollektivtrafikken, gjer stikkprøver av om folk har gyldig billett om bord. Kontroll av gyldig billett kan fort opplevast som eit nedverdigande kontrolltiltak dersom det blir utført på feil måte. Er kontrolløren høfleg og spør vennleg om å få sjå billetten, blir det færre konfliktar enn om han er streng og krevjande.
Vektarar er ofte plasserte i resepsjonen i større bedrifter og organisasjonar og handterer der ei rekkje ulike sikkerheitssituasjonar.
Til dømes er det kvar dag tilsette som gløymer inngangskorta sine. Desse må få eit mellombels inngangskort. Den tilsette må då legitimere seg, og vektaren må slå opp i databasen til bedrifta over tilsette for å sjekke ID. Husk at tilsette kan vere stressa, og at ei høfleg og korrekt behandling er viktig for å unngå konfliktar.
Vektarane registrerer òg gjester til bedrifta, skriv ut gjestepass til desse, og registrerer når dei forlèt lokala igjen. Vektarane kombinerer ofte resepsjonsteneste med å gå sikkerheitsrundar i bygget i og utanfor vanleg arbeidstid.
Igjen er det ved å vere høfleg og vennleg, men bestemt, at du verkar profesjonell.
Fem råd for korrekt framferd
- Ver oppteken av den personlege hygienen din.
- Bruk alltid korrekt uniform.
- Hugs at alle menneske er like mykje verd og skal behandlast likt.
- Prøv å vere hjelpsam.
- Hugs at eit smil hjelper mot det meste.