Hopp til innhald
Oppgåve

Politiets tryggingsteneste

Fleire offentlege aktørar har som oppgåve å avdekkje og hindre fiendtlege handlingar mot norske borgarar, bedrifter og institusjonar. Politiets tryggingsteneste (PST) har ansvaret for sivile trusselvurderingar, spesielt når det gjeld terror og industrispionasje.

Oppgåve

PST har som hovudoppgåve å førebyggje og etterforske straffbare handlingar mot sikkerheita i riket. Dei deler inn arbeidet sitt i ni hovudområde: sikkerheitsrådgiving, trusselvurderingar, samarbeid, personkontroll, metodar, livvakt, informasjonsinnhenting, etterforsking og førebygging.

  • Jobb i grupper eller i par, og vel to av hovudområda. Læraren kan gjerne fordele slik at dei fleste områda blir dekte.

  • Kvar gruppe lagar ein presentasjon av sine hovudområde. Bruk nettsidene til PST for å finne informasjon.
  • Framfør presentasjonen i klassa.

Relatert innhald