Nasjonalt trusselbilete - Sikkerheit (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nasjonalt trusselbilete

Evna til å forstå verda rundt oss er vesentleg når vi skal trygge landet, sa forsvarsministeren då han presenterte dei nasjonale trusselvurderingane for 2024. Men korleis påverkar ei uroleg verd trusselbiletet i Noreg?

Nasjonale trusselvurderingar

Kva for truslar som finst mot Noreg som nasjon, varierer over tid. Både Politiets tryggingsteneste (PST), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) utarbeider årlege rapportar med sine trussel- og risikovurderingar.

I rapportane blir det greidd ut om sannsynet for ulike truslar og risikoar som kan få store samfunnsmessige konsekvensar. Trusselvurdering er mellom anna knytt til terror, spionasje og truslar mot styresmaktspersonar.

PST, E-tenesta og NSM sine årlege rapportar om trusselvurderingar utfyller kvarandre og gir eit samla trusselbilete for Noreg. Du finn lenker til dei siste rapportane deira nedst på sida.

Russland og Kina blir trekte fram som den største trusselen mot norske interesser. Terrortrusselen mot Norge blir vurdert som moderat, med ekstrem islamisme og høyreekstremisme som dei to største trusselfaktorane.

Politiets tryggingsteneste (PST)

PST har som oppgåve å førebygge og etterforske alvorleg kriminalitet mot tryggleiken i nasjonen. Dei identifiserer og vurderer truslar knytte til etterretning, sabotasje, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, terror og ekstremisme, og dessutan truslar mot styresmaktspersonar. PST er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Etterretningstenesta (E-tenesta)

E-tenesta er utanlandsetterretningstenesta til Noreg. Hovudoppgåva deira er å å varsle om ytre truslar mot Noreg og prioriterte norske interesser. E-tenesta er underlagt forsvarssjefen.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

NSM er Noregs direktorat for førebyggande tryggleik. Dei har mellom anna eit nasjonalt ansvar for å avdekke, varsle og koordinere handtering av alvorlege cyber-angrep.

NSM er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, men Forsvaret har instruksjonsstyresmakt i saker på ansvarsområdet deira.

Trusselvurderingar 2024

PST: Nasjonal trusselvurdering 2024

E-tenesta: FOKUS 2024

NSM: RISIKO 2024: Nasjonal sikkerhet – et felles ansvar

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.02.2024