Oppgave
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Dei er pådrivarar i arbeidet med å førebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dei skal òg sørge for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.
Gå inn på artikkelen "Statistikk" på DSB som viser tal over brannar, ulykker og andre uønskte hendingar på samfunnstryggleiksområdet.
Kva for ei uønskt hending har, ut frå tala, høgast sannsyn?
Kva for ei uønskt hending vurderer du til å ha størst konsekvens?
Kva vil du vurdere som høgast risiko?
Gruppeoppgåve: jobb to og to
Gå inn på sikkerhverdag.no på DSB.
Plukk eitt av dei åtte temaa nedst på sida og les dykk opp på temaet.
Lag ein presentasjon om temaet de valde og presenter for klassen.