Hopp til innhald

Fagstoff

Bilete med seksualisert innhald

Politiet har sett mange saker der ungdom sender eit nakenbilete til nokon dei stolar på, og biletet likevel blir spreidd vidare. Dei fleste skjønar at det er dårleg gjort å vidaresende slike bilete, men visste du at det er straffbart?
Tenåring  med lilla neglelakk som held ein mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Straffelova seier

  • Det er ikkje lov å sende seksualiserte bilete til nokon under 16 år eller nokon eldre som ikkje har gitt samtykke til det.
  • Det er som utgangspunkt straffbart å ta, ha eller dele nakenbilete eller film av nokon som er under 18 år.
  • Unntaksvis kan straffa falle bort dersom guten/jenta har eit nakenbilete av nokon som synest det er greit at vedkommande har biletet (til dømes kjærasten), gitt at dei er omtrent like i alder og utvikling – og den som blir avbilda er mellom 16 og 18 år. Det er uansett forbode å dele biletet vidare.

Sjå filmen

Er det delbart? (YouTube.com)

Samandrag av filmen

Ei ung jente sit i senga på rommet sitt med smarttelefonen sin og ser på videosnuttar som er sende av vener. Det viser seg at ho ikkje får opna videoen. Seinare les ho lekser, mens ho framleis sit med mobiltelefonen sin. Ho får meldingar opp på mobilen og chattar med vener. Ho rådfører seg med ei venninne om ho skal sende eit bilete av seg sjølv til ein gut som heiter Morten, ein nude (nakenbilete). Dette endar ho opp med å gjere, men kompisen til Morten ser det skjer på telefonen til Morten, og han tek eit skjermbilete i Snap som han deler vidare.

Seinare får ho ei melding av ein tredje-person. Det viser seg at Sigurd, kompisen til Morten, har delt naken-biletet vidare. Ho får avklart at ein som heiter Bakke visstnok også har fått bilete.

Det går eit halvt døgn, så får ho eit nakenbilete av ein vaksen mann. Han pressar henne til å dele fleire nakenbilete.

Nakenbiletet hennar endar også opp på ei ugrei nettside.

Til slutt søkjer ho trøyst hos mor si.

Kva gjer du?

Opplever du noko av dette? Få hjelp til å gjere noko med det. Sei det til ein vaksen du stoler på eller ta kontakt med politiet. Det finst også andre tenester som kan hjelpe deg og gi deg råd. Sjekk til dømes Slettmeg.no, Kors på halsen eller Ung.no.

Kva kan foreldre gjere?

Det viktigaste er å snakke med barna. Still spørsmål og fortell om konsekvensane av ulovleg biletdeling – slik kan du hjelpe barnet ditt med å ta gode val. Har barnet ditt opplevd å få bileta sine spreidd? Her er nokre råd:

  • Ta skjermbilete og dokumenter kven som har delt, og kvar og når det er delt.
  • Meld frå til den aktuelle applikasjonen eller nettenesta.
  • Kontakt politiet på 02800, eller møt opp på næraste politistasjon.


Når det gjeld mistanke om ulovlege hendingar på internett, kan ein tipse om følgjande tema:

  • seksuell utnytting av barn på internett
  • radikalisering og valdeleg ekstremisme på internett
  • hatefulle ytringar på internett

Det er Kripos som handterer slike tips. Kripos har dialog med politidistrikta, mens publikum rettar seg til det lokale politiet.

Kjelde

Politiet (u.å.) Delbart? Henta frå https://www.politiet.no/rad/trygg-nettbruk/delbart/.

CC BY-SARettshavar: Politiet
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Regelverk og etisk refleksjon