Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet etikk og lovverk
Kva for lover og reglar må mediebransjen rette seg etter? Sjekk at du har fått med deg det viktigaste frå emnet om etikk, reglar og lover i mediebransjen.
- Eg veit kva presseetikk er.
- Eg kan forklare kva Pressens Faglige Utvalg (PFU) er og korleis dei jobbar med Ver Varsam-plakaten (VVP).
- Eg veit at personvern handlar om vern mot krenkjande ytringar, diskriminering og truslar.
- Eg kan gjere greie for lover og reglar som gjeld for publisering av bilde.
- Eg kan forklare kvifor vi har åndsverkslova, og korleis ho beskyttar medieproduksjonane mine.
- Eg forstår at ein opphavar har opphavsrett til det han eller ho har skapt.
- Eg kjenner til organisasjonen Creative Commons og veit korleis eg kan bruke ulike CC-lisensar på eigne produksjonar.
FAGOMGREP | ||
---|---|---|
Presseetikk | Ver Varsam-plakaten (VVP) | Pressens faglige utvalg (PFU) |
Personvern | Åndsverk | Opphavsrett |
Creative Commons | Kringkastingslova | Marknadsføringslova |
Åndsverkslova | Medietilsynet | Forbrukartilsynet |
Vernetid | Sitatrett |