Vil du publisere dette biletet?
Ta utgangspunkt i biletet ovanfor når du svarar på oppgåvene. Først må du studer Datatilsynet si rettleiing.
Datatilsynet: Bilete av barn på nett
Sjå også informasjon på nettvett.no om bilete av barna på nett.
Tenk deg at du jobbar i ein barnehage og har teke dette biletet av eitt av barna.
- Vil du leggje dette biletet ut på barnehagen si heimeside? Grunngi svaret.
Som pressefotograf besøkjer du barnehagen Bamsebo og tek dette biletet av ei lita jente med skrubbsår på knea. Du ønskjer å bruke biletet i ein artikkel som handlar om det å jobbe som barnehageassistent. Ei av arbeidsoppgåvene er å trøste barn som fell og slår seg.
- Kva må du tenkje på før du publiserer biletet i lokalavisa? Grunngi svaret.
Du jobbar i ei stor nettavis i Oslo og skriv ein artikkel om seksuelt misbruk av barn. Du kjem over dette biletet på nettstaden til ei lokalavis og finn ut at det passar utmerkt til saka di.
- Kva gjer du vidare? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.
Få ei innføring i kva reglar som gjeld for publisering av bilete.