Hopp til innhald

Fagstoff

WCAG – retningslinjer for tilgjengeleg nettinnhald

WCAG er ein internasjonalt anerkjend standard som blir brukt for å lage nettinnhald meir tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsetjingar.
Fire boksar. I boks 1 er det eit ikon av eit auge og tittelen "1: mogleg å oppfatte". I boks 2 er det eit ikon av ei hand og tittelen "2: mogleg å betene". I boks 3 er det eit ikon av ein hjerne og tittelen "3: forståeleg". I boks 4 er det ei forenkla nettside og ein mobil og tittelen "4: robust". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

, retningslinjene for tilgjengeleg webinnhald, skal sikre at alle kan bruke nettsider og appar, uavhengig av funksjonsnivå.

For nettinnhald og appar inkluderer retningslinjene krav til utforming av

  • informasjon som tekst og medietypar som bilete, grafikk og lyd

  • struktur og oppsett av nettsider gjennom kode

Retningslinjene har ei inndeling i fire prinsipp:

  1. mogleg å oppfatte

  2. mogleg å betene

  3. forståeleg

  4. robust

1. Mogleg å oppfatte

Det første prinsippet handlar om at brukaren må kunne oppfatte innhaldet med ulike sansar.

Innhald kan ikkje berre vere tilgjengeleg for dei med syn eller berre for dei som kan høyre. Eit viktig prinsipp i WCAG (1.1.1) er å tilby tekstalternativ til innhald som vi oppfattar gjennom synssansen.

Til dømes skal lydklipp transkriberast, og bilete og grafikk skal ha som beskriv innhaldet kort med tekst.

2. Mogleg å betene

Det andre prinsippet handlar om at innhaldet må vere mogleg å betene, altså mogleg å bruke.

Nettinnhald er sett saman av mange enkeltdelar og krev at brukaren navigerer, tek val og gir "input" som å krysse av boksar eller skrive i inntastingsfelt. Knappar og lenker må vere tydelege, enkle å forstå og moglege å bruke på fleire måtar.

På datamaskina er det forventa musenavigasjon. Dei som ikkje ser, eller som ikkje kan bruke mus eller berøringsflata på ei datamaskin, er avhengige av at dei òg kan nå innhaldet via tastaturet. Det krev rett formatering av tekst og innhald og rett bruk av tagar i koding. Slik vil tastaturnavigasjon og navigasjon med skjermlesar tolke elementa rett og gjere det mogleg å navigere i innhaldet for brukarar med .

3. Forståeleg

Det tredje prinsippet handlar om at nettinnhaldet skal vere forståeleg for brukaren. Er det bygd opp slik at brukaren kan forstå designet med ein gong? Det er viktig å bruke og eit enkelt og klart språk, og at innhaldet er koda rett.

For dei som bruker skjermlesar, er det viktig at tekst og andre element er koda i rett språk, slik at ei tekstblokk blir lesen opp på norsk (=nb/nn) dersom det er bokmål eller nynorsk, og ikkje engelsk (=en). Du kan lese meir om språk i koden på nettsidene til Uutilsynet.

Navigasjon og element som skal ha lik funksjonalitet, må vere konsekvent på sidene. Dersom det blir brukt brødsmulesti, klikkbare ikon, knappar eller piler, må det vere konsekvent på tvers av sidene på ein nettstad.

4. Robust

Det fjerde prinsippet handlar om at innhaldet må vere robust. Det betyr at innhaldet er koda slik at nettlesarar oppfattar innhaldet rett. Det er viktig å bruke standardar og sjekke at kodinga er rett og fullstendig.

Det er òg viktig for tastaturnavigasjon og skjermleseverktøy at innhaldet er koda spesifikt nok. Titlar må ha rett , og innhaldsblokker bør ha kode som seier noko om innhaldet og ikkje ha generelle tagar som <div>-tagen om mykje ulikt innhald.

Sentrale WCAG-krav
  • Alt ikkje-tekstleg innhald skal ha eit tekstalternativ (1.1.1).

  • Førehandsinnspelt lyd og video er teksta (1.2.2).

  • Elementa er plasserte i ei meiningsfylt rekkefølge (1.3.2).

  • Farge er ikkje einaste informasjon (1.4.1).

  • Kontrastforhold mellom bakgrunn og tekst skal vere minst 4,5 : 1 (1.4.3).

  • Nettsider, innhald og funksjonalitet skal vere tilgjengeleg på fleire måtar til dømes gjennom meny og søkefunksjonalitet (2.4.5).

  • Navigasjon er konsekvent på sider med like element som logo, søkefelt og meny (3.2.3).

WCAG i Noreg

Fleire av standardane og krava i WCAG er ein del av norsk lovgiving. I 2013 vart forskrift om universell utforming av IKT-løysingar kunngjort. Denne gjeld nettløysingar og automatar og rettar seg mot verksemder som tilbyr IKT-løysingar til folk flest. Forskrifta gjeld ikkje for enkeltpersonar.

Lovdata: Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger

WCAG-standarden består av ei rekkje krav, også kalla suksesskriterium. Både offentlege og private organisasjonar skal følge regelverk om universell utforming dersom digitale tenester er sentrale for verksemda. Meir informasjon om kven som skal følge reglane, og unntak står på Uutilsynets side "Kva seier forskrifta?".

Gjennom EUs webdirektiv WAD (Web Accessibility Directive) er mange krav i WCAG 2.1 del av norsk lovgiving. Uutilsynet orienterer om WAD og nye krav på nettsidene sine.

Frå 1. februar 2023 vart WCAG 2.1 gjeldande i offentleg sektor i Noreg.

Noreg skal følge 47 av 78 krav.

Kjelder

Forskrift om universell utforming av IKT-løysingar. (2013). Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger (FOR-2013-06-21-732). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/lti/forskrift/2013-06-21-732

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). EUs webdirektiv (WAD). Henta 10. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/webdirektivet-wad/eus-webdirektiv-wad/265

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Veiledning. Henta 7. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/veiledning/veiledning/704

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). WCAG sortert etter prinsipp. Henta 7. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/wcag-standarden/wcag-sortert-etter-prinsipp/713

W3C. (u.å.). Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) 2.1. Henta 10. april 2022 frå https://www.w3.org/tr/wcag21/

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2023

Læringsressursar

Universell utforming på nett