Hopp til innhald

Fagstoff

Storleik på medieinnhald i sosiale medium

Du skal lage medieinnhald til Snapchat, Instagram eller Facebook, men kor store bør dei ulike elementa eigentleg vere? Her finn du ei oversikt over storleiken på hyppig brukte format i sosiale medium.
Biletet viser fleire fotografi med motivet limonade i eit glas med appelsinskive og sitronskive på kanten og eit svart-kvitt sugerøyr. I bakgrunnen er det grøn plen og busk. Nokre av fotografia har dessutan frukt i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan sjekke sosiale medium på både datamaskin, nettbrett og mobil. Svært mange bruker mobiltelefonen til nettsurfing og sosiale medium, og dette har bidrege til å endre formata i sosiale medium. Video er tradisjonelt eit medium som blir presentert i breiddeformat, 16:9 og tidlegare 4:3. No går utviklinga i retning av nye storleikar, og vi ser ein del kvadratiske format og høgdeformat (vertikale) i nyare sosiale medium som Snapchat, TikTok og Instagram.

Det er viktig å tenkje på formatet når du skal lage innhald til ulike plattformer. Her finn du ei oversikt over vanlege format i kjende sosiale medium. Du kan òg søkje opp det aktuelle sosiale mediet og finne informasjon om format på dei tilhøyrande nettsidene. Skal du lage innhald, til dømes ein annonse, til ei nettavis eller ein nettstad, vil òg nettsidene deira innehalde informasjon om aktuelle storleikar.

Forklaring av kvadratisk, vertikal og horisontal

Kvadratisk: firkanta, like høgt og breitt (til dømes 1:1, 1080 x 1080 px)

Vertikal: ståande, høgdeformat (til dømes 1080 x 1920 px)

Horisontal: liggjande, breiddeformat (til dømes 16:9, 1080 x 556 px)

Snapchat

  • høgdeformat (vertikalt)
  • bilete, stories og annonsar: 1080 x 1920 px

Twitter

  • bakgrunnsbilete: 1500 x 500 px
  • bilete: 1024 x 512 px

YouTube

  • breiddeformat (horisontalt)
  • video: 16:9

TikTok

Bilete

Ingen restriksjonar. Selskapet føreslår 1200 x 628 px.

Video

  • minimum 720 x 1280 px, 640 x 640 px eller 1280 x 720 px
  • 9:16, 1:1 eller 16:9

Facebook

Bilete

  • minimum 1080 x 1080 px
  • fotografi helst i JPG- eller PNG-format
  • 1,91:1 til 4:5

Bilete med lenkje

  • 1,91:1 til 1:1
  • minimum 1080 x 1080 px

Toppbilete og bilete til arrangement

  • toppbilete: 823 x 315 px
  • hovudbilete til arrangement: 1980 x 1080 px

Video

  • 16:9 til 9:16
  • best mogleg oppløysing, Facebook tilrår H.264
  • høgdeformat (vertikalt) 4:5

Instagram

  • kvadratisk: 1080 x 1080 px
  • breiddeformat: 1080 x 556 px
  • høgdeformat: 1080 x 1350 px
  • Instagram stories: 1080 x 1920 px

Nokre tips når du skal lage innhald til fleire plattformer

  • Ta mange bilete i både breidde- og høgdeformat.
  • Ta opp video i både breidde- og høgdeformat.
  • Ha negativt rom (luft) rundt hovudmotivet, slik at du kan bruke materialet på fleire måtar.
  • Lag innhald som ser einskapleg ut (like fargar og skrifttypar, lik visuell stil).
  • Tilpass innhaldet til kvart enkelt format / kvar enkelt plattform.
Du ser 15 ulike fotografi av eit glas med gul limonade. Det er oppskoren frukt på kanten og ved sida av glaset. Fotografia er tekne ute med grønt gras i bakgrunnen. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Verktøykasse IM