Hopp til innhald

Fagstoff

Kjernemodellen

Gløym draumedesignet og det du trur brukaren vil ha! Bruk kjernemodellen til å lage ein god plan for nettinnhald som gir brukaren det som trengst.
Illustrasjonen viser ein modell med seks boksar. 1. Kjerneside/produkt. 2. Brukaroppgåve. 3. Forretningsmål. 4. Vegar inn. 5. kjerne/løysingsforslag. 6. Vegar vidare.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjernemodellen vart utvikla av Are Halland (2006) og er nyttig når ein skal planleggje ei nettside. Han passar godt for samarbeid på tvers av team, anten ein skal planleggje ei heilt ny nettside eller redesigne ei side som alt eksisterer. Kjernemodellen bidreg til å finne fokus og retning i arbeidet, og planleggingsmetoden er retta mot sjølve brukaren og behova til brukaren.

Ikkje tenk design, fontar og funksjonalitet for tidleg. Planen for nettinnhaldet bør lagast først, med utgangspunkt i kjernemodellen. Ta tak i kjernen, der brukaren får løyst problema eller gjennomført brukaroppgåvene sine. Ein brukar kjem ikkje for å sjå på ei fin side, men for å få dekt eit behov.

Sett deg inn i kven som er brukar/målgruppe

Finn ut kven som er brukaren av eller målgruppa for nettsida, og kva dei har behov for i ei nettløysing av den typen du skal lage. Du kan til dømes lage eller setje deg inn i målgruppa på andre måtar. kan gjerast i ein tidleg fase med ein , eller du kan gjere intervju eller undersøkingar med personar i målgruppa for å kartleggje brukaroppgåver, behov og ønske.

Kan brukast på små og store nettstader

Ein kan vere ei viktig side på ein nettstad, som til dømes framsida, eller enkeltsider med mykje trafikk, som ei skjemaside eller ei side med sentrale . Kjernemodellen kan brukast på enkeltsider eller på fleire sider, på små og store nettstader eller på appar. Kommunar, universitet, direktorat og andre offentlege nettstader er ofte sett saman av fleire tusen sider. Då kan du bruke kjernemodellen for å forbetre viktige enkeltsider.

Modellen kan òg brukast for å byggje opp nettsider, små nettstader eller ein app frå botnen av.

Kva treng brukaren?

Det brukaren ønskjer å gjere på ein bestemd nettstad, blir kalla for brukaroppgåver. Desse bør vere enkle å finne for brukaren. Det er ingen grunn til å lage ein fancy og fin nettstad med mykje tekst, mange dekorative bilete og morosame animasjonar som tek tid å laste, dersom det gjer det vanskelegare for brukaren å finne fram til viktige brukaroppgåver.

Døme på brukaroppgåver på ein nettstad:

  • finne opningstider og prisar

  • bestille bord

  • bestille og avbestille billettar

  • sjekke om det finst mørkeblå sko i storleik 43 i ein nettbutikk

Brukaroppgåver kan vere informasjon om noko, eller ulike handlingar som ein brukar vil gjere. Ei brukarvennleg nettside vil hjelpe brukaren til raskt å kome fram til ønskt innhald, derfor bør dette plasserast godt synleg på nettsida, spesielt i mobilversjonen, sidan mobilen har så mykje mindre skjermflate enn eit nettlesarvindauge på ei datamaskin.

Kva er målet til bedrifta?

Kva ønskjer bedrifta/organisasjonen å oppnå, kva er målet? Prøv å vere så konkret som mogleg. Ikkje skriv "selje meir", eller "få fleire medlemmer", men prøv å talfeste måla. Det kan til dømes vere å "selje 50 fleire par sko i veka" eller "auke medlemstalet med 2000 personar innan 1. mars". Målet kan òg vere å selje tilleggsprodukt, byggje merkevare eller skaffe meir trafikk på sidene og auke annonseinntekter. Hugs at det må vere realistisk og tilpassa nettløysinga og moglege brukaroppgåver.

Fleire vegar inn til nettsida

Korleis skal brukaren kome inn på akkurat denne nettsida? Tenk på at det er fleire vegar inn. Det er sjeldan slik at brukaren kjem rett inn på ønskt nettside via framsida.

Nokre vegar inn til ei nettside:

  • via Google-søk eller andre søkjemotorar

  • gjennom deling av lenkje i sosiale medium

  • gjennom framsida til nettsida

  • gjennom navigasjon på nettstaden

  • via lenkje i nyheitsbrev eller på andre nettstader

  • gjennom annonseinnhald

Spiss kjerneinnhaldet til bedrifta

Basert på kunnskap om brukar, brukaroppgåver og målet til bedrifta kan du no spisse kjerneinnhaldet til nettsida. Kva er sentrale brukaroppgåver, kva er handlingsdrivarar til ho? Prøv å skissere opp ein grov plan for kjerneinnhaldet på sida du skal byggje opp eller redesigne.

Dersom det blir designa for mobilskjerm, må det takast omsyn til at det er lite plass, og at knappar må ha stor trykkjeflate og luftig design. Det blir plass til få knappar og element. Ikkje la brukaren streve og leite, målet er alltid at brukaren lett og kjapt finn fram til kjerneinnhaldet.

Nokre døme på kjerneinnhald:

  • bestille time

  • kjøpe billett

  • chatte med kundeservice

  • sjekke opningstider

  • bruke søkjefeltet

  • logge inn / bruke "mi side"

Hjelp brukaren vidare på nettsida

Kva vil du skal skje etter at brukaren har løyst brukaroppgåva? Viss brukar har undersøkt opningstider til ein restaurant, kan det passe å vise vidare til "bestill bord", "meny" eller "kontakt oss".

Har bedrifta mål om å fronte ein miljøprofil, men veit at brukaren først og fremst vil bestille kollektivreiser, kan det leggjast til informasjon om miljøgevinsten som ein bonus etter at billettkjøpet er gjort. Det kan òg vere lurt å vise vidare til "mi side", "kjøp ny reise", eller "tilbake til framsida".

Gi brukarane det dei vil ha først, og så kan dei få det som bedrifta/organisasjonen ønskjer å formidle etterpå. Gjer du det motsett, kan brukarane bli frustrerte og irriterte, sidan det blir vanskelegare å finne fram til det dei eigentleg treng. Det kan påverke salet på sida og gjere brukarane meir negativt innstilt til dei som står bak nettsida.

Døme: Oslo kommune forbetra nettsidene med kjernemodellen

Oslo kommune gav nettsidene sine eit solid løft i 2014 og brukte kjernemodellen.

Arbeidet førte til at kommunen gjekk frå

  • 60 000 nettsider

  • 18 nettstader

  • 1 000 personar som publiserte

til

  • 6 000 nettsider

  • éin nettstad

  • 20 personar som publiserte

Resultatet vart at 15 prosent fleire av brukaren fekk gjort det dei trengde på nettsidene.

Du kan samanlikne sidene før og etter med Wayback Machine.

Døme på utfylt kjerneside for ein lokal kino

Illustrasjon som viser kjernemodellen ferdig utfylt med informasjon om mogleg innhald på nettside til lokalkino. Sentrale brukaroppgåver og viktig kjerneinnhald er å kjøpe billettar, sjå program og opningstider.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E.H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Dalen, O. (2018). Effektiv nettskriving, (2. utgave). Cappelen Damm Akademisk.

Halland, A.G.U & Halland, M.S. (2021). Kjernemodellen – et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester. Kraft forlag.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2022

Læringsressursar

Verktøykasse IM