Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Anna flyttar på sjukeheim

Anna skal flytte frå huset sitt og inn på sjukeheimen. Dette er ei stor endring i livet for Anna. Alle som jobbar på sjukeheimen, skal bidra til at dette blir ein så god overgang som mogleg.
Eldre kvinne i rullestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er i praksis på ein sjukeheim. I dag skal Anna flytte inn.

Anna er 86 år og budde i eit stort hus ved sjøen før ho flytta inn på sjukeheimen ei mil unna. Saman med Anna skal du planleggje korleis ho skal innreie rommet sitt på 25 kvadratmeter slik at ho får ein triveleg bustad på sjukeheimen. Anna er sterkt ramma av leddgikt og har gradvis vorte meir og meir pleietrengjande. Anna liker ikkje å måtte selje huset sitt.

Oppgåver

  1. Sett deg inn i situasjonen til Anna. Korleis ville du gått fram for å rettleie Anna når det gjeld ting, møblar, klede og anna ho ønskjer ha med seg?
  2. Kva får ein plass til på eit rom på 25 kvadrat? Det er sjukehusseng og klesskap på rommet, i tillegg til eit bad med eit skap. Bruk målereiskap og møbler rommet. Ta omsyn til universell utforming, ergonomi og HMS.
  3. Kva for nokre psykiske reaksjonar kan kome i ein slik prosess som det er å flytte til sjukeheim?
  4. Korleis kan ulike yrkesgrupper på ein sjukeheim bidra til at overgangen blir betre for Anna?
  5. Korleis vil du inkludere pårørande i denne prosessen?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

På jobb som helsefagarbeidar