Film og filmklipp
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidaren samarbeider med andre yrkesgrupper om pleie, omsorg og miljøarbeid for brukarar av helse- og oppveksttenester. I denne filmen møter du ein helsefagarbeidar som fortel om utdanning, eigenskapar og vanlege arbeidsoppgåver.
Filmen under finst med språkstøtte i fleire versjonar:
Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på somali
Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på arabisk
Filmen Helsefagarbeider med språkstøtte på tigrinja
Som helsefagarbeidar skal du yte profesjonell helsehjelp og vareta kvar enkelt brukarers behov for pleie og omsorg. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber kontakt med menneske i alle aldrar med ulik helse og funksjonsevne. Helsefagarbeidaren kan jobbe på mange ulike arbeidsstader innan kommunale helse-og oppveksttenester, sjukehus og private omsorgstenester.
Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli helsefagarbeidar?
- Kva eigenskapar er nødvendige i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein helsefagarbeidar?
- Kva moglege arbeidsstader kan du finne for ein helsefagarbeidar?
- Kvifor er det viktig å tenke på ergonomi i jobben som helsefagarbeidar?