Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praksis i heimebaserte tenester

Hilde bur heime og har fått innvilga hjelp og støtte i kvardagen. I denne oppgåva skal du reflektere over korleis det er å jobbe som helsefagarbeidar i heimebaserte tenester.
Kjøkken av eldre modell med ein del rot på kjøkkenbenk og golv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal vere i praksis i heimebaserte tenester, og denne dagen skal du køyre saman med ein helsefagarbeidar og ein sjukepleiar. De skal heim til ein brukar som er rusavhengig. Ho skal få hjelp til sårstell og medisinar. Ho heiter Hilde og er 34 år. Hilde var tidlegare kunstnar og har hatt mange utstillingar før ho vart så hardt ramma av rusmisbruk at ho ikkje handterte faste avtalar og kvardagslivet. I dag er Hilde ufør og har mange plager knytte til langvarig rusbruk med heroin.

Oppgåver

  1. Når de kjem heim til Hilde, søv ho. Dei to du jobbar saman med, seier at du må vente i stova medan dei vekkjer Hilde. Du foreslår at du kan rydde og vaske litt på stovebordet, men helsefagarbeidaren seier at det er ikkje greitt å berre byrje med det. Kva tenkjer du om det?
  2. Hilde seier ho ikkje er svolten, men ho har heller ikkje ete i dag. Lag eit rollespel om korleis du ville gått fram for å rettleie Hilde rundt mat og måltid. Rollespelet kan filmast, bli vist for resten av gruppa eller spelast inn som podkast.
  3. Å jobbe i heimebaserte tenester kan by på ein del utfordringar knytte til hygienetiltak. Gjer greie for desse utfordringane.
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

På jobb som helsefagarbeidar