Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praksis som hudpleiar

I yrkesfaglig fordjuping skal du få kjennskap til ulike yrke. For å bli kjent med hudpleiaryrket skal du i denne oppgåva jobbe med ein case og tenkje gjennom ulike arbeidsoppgåver ein hudpleier kan ha.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige kompetanseområde for ein hudpleiar er

  • estetikk og hygiene
  • kommunikasjon og åtferd
  • profesjonalitet og god kompetanse i prosedyrar
  • etikk og kunnskapar om sal, service og miljø

Case

Du er i praksis i Solsikke hudpleiesalong. Der skal du mellom anna setje nye varer på plass i spa-avdelingen. Du skal òg gjere deg kjend med hygienerutinane til salongen. Målet med praksisperioden er at du skal gjere deg kjend med yrket slik at du blir tryggare på valet ditt frå Vg1 til Vg2.

Oppgåver

  1. Korleis trur du vareplassering i hyllene påverkar oss som kundar i ein butikk med tanke på meirsal?
  2. Du blir beden om å hengje opp plakatar for produkta de sel. Korleis trur du reklame i ein butikk kan påverke oss?
  3. Du overhøyrer ein samtale mellom ein hudpleiar og ein kunde. Hudpleiaren seier at dette produktet er viktig for kunden for å hindre rynker. Produktet er veldig dyrt, og du ser at kunden er litt usikker på om ho skal kjøpe det. Korleis bør hudpleiaren kommunisere med kunden i denne situasjonen?
  4. Gå til eit apotek, parfymeri eller eit anna utsal som har produkt til hud, hår og negler. Beskriv reklamen du ser for eit av produkta. Ta gjerne eit bilete som dokumentasjon.
  5. Etiske retningslinjer består av ulike etiske prinsipp som skal vere grunnleggjande for åtferda i arbeidet. Formuler eit etisk prinsipp som er viktig å følgje i hudpleiaryrket.
  6. Gjer greie for kvifor god hygiene er viktig i hudpleiaryrket.
  7. Gi døme på korleis du reingjer ein pinsett, eit håndkle, ein svamp og ei balje til fotbad.
  8. Utfør handmassasje på ein som ønskjer det, eller massar di eiga hand. Bruk gjerne matolje om du ikkje har eigna hudpleieolje. Søk på YouTube etter ein video om handmassasje eller bruk denne for inspirasjon: Handmassasje utført i institusjon (YouTube)
  9. Finn døme på kosmetikk og hudpleieartikler som er meir miljøvennlege enn andre typar. Beskriv gjerne produktet og grunngi svaret ditt.
  10. Beskriv ulike typar medisinsk behandling som blir tilbodne i ein hudpleiesalong. Kva er aldersgrensa for dei ulike behandlingane?
  11. Diskuter kvifor det er aldersgrense for behandlingar som til dømes inneber korrigering av utsjånad.

Relatert innhald

God service er viktig slik at kundane blir fornøgde og bedrifta får et godt omdøme.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 17.05.2020

Læringsressursar

På jobb som hudpleiar