Film og filmklipp
Hudpleiar
Hudpleiaren arbeider tett på kundane sine og utfører ulike former for hud- og kroppspleie. I denne filmen får du høyre om utdanningsløpet og nokre av arbeidsoppgåvene til hudpleiaren og kva for eigenskapar ein treng i yrket.
Arbeidsoppgåvene til hudpleiaren kan variere frå å utføre behandlingar for velvære og avslapping til å gi rettleiing og behandling til kundar med hudproblem. Sal og rettleiing i bruk av produkt for hud- og kroppspleie er ofte også ein del av jobben.
Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla:
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli hudpleiar?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein hudpleiar?
- Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein hudpleiar?
- Kvifor er det viktig med ergonomi i jobben som hudpleiar?