Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Storleikar, måltal og måleiningar

Det er viktig å halde orden på måleiningane.

2.1.15

Finn storleiken, måltalet og måleininga i desse døma.

a) Ole har målt høgda si til 185 cm.

Fasit

Storleiken er høgda, måltalet er 185, og måleininga er cm (centimeter).

b) Mathea køyrer bil i 70 km/h.

Fasit

Storleiken er farten (til bilen), måltalet er 70, og måleininga er km/h (kilometer per time).

c) I dag blæs det 12 m/s.

Fasit

Storleiken er farten (til vinden), måltalet er 12, og måleininga er m/s (meter per sekund).

d) Klokka er 14.35.

Fasit

Storleiken er klokkeslettet (eller tida). Her er det to måltal. Det eine, 14, har måleining h (timar), og det andre, 35, har måleining min (minutt).

e) Dhanushi deltek på eit 100-meterløp og bruker tida 13,23.

Fasit

Her er det eigentleg to storleikar. Den eine er strekninga ho spring der måltalet er 100, og måleininga er m (meter). Den andre storleiken er tida der måltalet er 13,23, og måleininga er s (sekund).

1.2.16

a) Rekn ut farten til Dhanushi i den førre oppgåva. Gjer utrekningane både med og utan GeoGebra, og ta med måleiningane i begge utrekningane.

Løysing

Vi bruker formelen for fart, som er  v=st, og får

v=100 m13,23 s=7,56 m/s

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 100 m delt på parentes 13,23 s parentes slutt. Svaret med tilnærming er 7,56 multiplisert med m delt på s. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

b) Kvifor vart ikkje måleininga for farten km/h i oppgåve a)?

Løysing

Måleininga for farten vart m/s fordi strekninga var oppgitt i meter (m) og tida i sekund (s).

1.2.17

Rektangel med sidekantar 4 centimeter og 2,5 centimeter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har eit rektangel med sidekantar på 4 cm og 2,5 cm. Rekn ut arealet til rektangelet, og vis at måleininga til arealet blir cm2.

Løysing

Vi har at arealet av eit rektangel er lengde multiplisert med breidde.

Utrekning for hand:

A = l·b= 4 cm· 2,5 cm= 10 cm·cm= 10 cm2

Her reknar vi ut cm·cm til cm2 på same måte som vi kan skrive 3·3=32.

Med GeoGebra får vi

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 4 c m multiplisert med 2,5 c m. Svaret er 10 c m i andre. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1.2.18

Tre hermetikkboksar med Campbells tomatsuppe. Foto.

Ein suppeboks har ein diameter på 8,3 cm og ei høgde på 13 cm. Kor stort er volumet av denne boksen? Ta med måleiningane i utrekninga.

Løysing

Boksen er forma som ein sylinder. Vi kan slå opp på sida Volum og overflate av ein sylinder for å finne formelen for volumet, som ofte har symbolet V.

V = πr2h= 3,14·8,3 cm22·13 cm= 703 cm3

Alle storleikane som inngår i formelen, har måleininga cm. Sidan storleiken radius skal multipliserast med seg sjølv (han skal opphøgjast i andre), får vi cm3 som måleining på volumet.

Med GeoGebra får vi det same.

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive pi multiplisert med parentes 8,3 c m delt på 2 parentes slutt opphøgd i andre multiplisert med 13 c m. Svaret med tilnærming er 703,38 c m i tredje. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar