Inndeling av golvbord og flis
Vanleg furugolv legg vi vanlegvis tett i tett. Då er det ingen avstand mellom borda som vi kan bruke til justering for å få eit heilt tal bord slik vi gjer med til dømes tømmermannskledning.
🤔 Tenk over: Kva gjer vi då?
Vi må ha kontroll på legginga av golvborda. På illustrasjonen nedanfor til venstre er det starta med eit heilt golvbord til venstre, og då blir det siste golvbordet veldig smalt. Resultatet blir penast dersom vi klarer å starte og slutte legginga med bord som er like breie. Då får vi det vi kallar symmetri, som i vår samanheng betyr at noko er likt på begge sider. Vi bør i tillegg sørge for at det første og siste bordet ikkje er smalare enn ei halv bordbreidde. Dette har vi gjort på illustrasjonen til høgre nedanfor.
Vi ser på eit døme der eit furugolv med golvbord med breidde 110 mm skal leggast vinkelrett på ein vegg som er 1 670 mm lang, sjå teikninga.
Først må vi finne ut kor mange heile golvbord det er plass til. Då må vi finne ut kor mange "110 mm" det er plass til på 1 670 mm, og det gjer vi ved å dele.
Dette betyr at det er plass til 15 heile bord pluss eit smalt bord der breidda er 0,18 av bordbreidda. Då har vi omtrent same situasjon som på venstre side på illustrasjonen over og som vi vil unngå. For å få eit symmetrisk bordleggingsmønster som på høgre side på illustrasjonen over og samtidig unngå å måtte bruke smale bord til slutt, går vi ned til 14 heile bord i staden for 15. 14 heile bord tek
av lengda av veggen. Då er det igjen
Denne plassen fordeler vi på det første og det siste bordet, som begge må kløyvast slik at dei får breidda
I praksis startar vi golvlegginga med eit bord som vi kløyver ned til 65 mm. Då skal vi i teorien kunne avslutte med eit bord på 65 mm. I praksis skal det litt til å ende opp med nøyaktig 65 mm til slutt sidan borda kan variere litt i breidde, og vi klarer kanskje ikkje alltid å legge dei heilt tett i tett.
Symmetrisk flislegging
Biletet over viser korleis veggflisene på to av veggene i eit toalettrom er lagde.
🤔 Tenk over: Kva er hovudforskjellen på måten flisene er lagde på, på dei to bileta?
Flislegginga på det nedste biletet er symmetrisk, som her betyr at start- og sluttflisene er like store. Når vi legg flis, vil det nesten alltid vere penast om vi sørger for at flislegginga blir symmetrisk. Dette er heilt tilsvarande som i dømet med golvlegging over.
Som ved golvlegginga over bør flismønsteret vere slik at start- og sluttflisa ikkje er mindre enn ei halv flis. Vi kan berekne dette på fleire måtar. Her vel vi å ta utgangspunkt i midten på veggen sidan vi kan velje å starte liminga av flisene kvar vi vil, i motsetning til når vi legg golvbord. For at mønsteret skal bli symmetrisk, har vi to alternativ:
anten plassere ei fuge på midten av veggen (øvst på skissa nedanfor)
eller plassere midten av ei flis på midten av veggen (nedst på skissa nedanfor)
Dersom vi vel ein av desse, vil dei to flisene på enden, start- og sluttflisa, bli like store. I første omgang må vi derfor avgjere kva for eit av dei to alternativa vi skal bruke. Då vel vi det alternativet som gjer at start- og sluttflisa blir større enn ei halv flis. For å bestemme det kan vi rekne ut kor mange heile fliser det blir plass til.
Berekningar
Vi skal legge flis som måler 25 x 25 cm på ein vegg som er 2,4 m lang. Fugene mellom flisene skal vere 4 mm, og vi reknar ein avstand på éi fugebreidde mellom start- og sluttflisa og hjørna. Vi må hugse på å ta med fugebreidda når vi skal rekne ut talet på fliser, sidan det til kvar flis er éi fuge.
Vil vi vere veldig nøyaktige, kan vi trekke éi fugebreidde frå totallengda på veggen sidan det er éi fugebreidde meir enn talet på fliser på grunn av at det skal vere ei fugebreidde ytst i begge endar av veggen. På grunn av fugene mellom flisene må vi inkludere fugebreidda når vi skal rekne ut talet på heile fliser.
Vi kan rekne slik:
Vegglengde minus éi fugebreidde:
Flisbreidde pluss fugebreidde:
Talet på heile fliser blir då kor mange 254 mm det er plass til på 2 396 mm:
Det går derfor 9 heile fliser på veggen. Resten utgjer 0,43 av ei heil flis, det vil seie litt mindre enn ei halv flis, som skal fordelast på start- og sluttflisa. For å unngå å få så smal start- og sluttflis går vi derfor ned éi på talet på heile fliser og bruker 8 heile fliser.
No kan vi rekne ut kva breidda på start- og sluttflisa blir ved å finne ut kor stor plass 8 heile fliser inkludert fugebreidde tek.
Resten av veggen blir
Dette skal fordelast på to fliser: start- og sluttflisa inkludert fuger:
Til slutt må vi trekke frå fugebreidda. Breidda på start- og sluttflisa blir
Vi observerer at dette er meir enn ei halv flis, som det skulle bli.
No har vi berekna flisene. Dersom vi startar å legge flis frå midten på veggen, må vi først finne ut om det skal vere ei fuge eller ei flis midt på veggen.
🤔 Tenk over: Blir det ei flis eller ei fuge på midten? Teikn ei flisrekke og marker kvar midten er.
🤔 Tenk over: Dersom vi hadde valt å bruke 9 heile fliser, korleis skulle vi ha starta på midten då?
Vi kan samanfatte dette slik:
Dersom talet på heile fliser vi skal bruke, er eit partal (2, 4, 6, ...), blir det ei fuge midt på veggen.
Dersom talet på heile fliser vi skal bruke, er eit oddetal (1, 3, 5, ...), blir det ei flis midt på veggen.
Kontroll av berekningane
Vi kan kontrollere resultatet ved å legge saman breidda av alle flisene og alle fugene og mellomromma. Då skal svaret bli lik lengda av veggen. Vi får
Berekningane stemmer.