Hopp til innhald

Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1)

Yrkesutøving

For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

Betongarbeidaren

I betongfaget byggjer vi fundament, bruer og hus. Vi forskalar, bind jern og støyper ute heile året. Vi byggjer forskaling i tremateriale, set saman element og styrer tunge løft. Derfor må du vere fleksibel og kunne samarbeide på ein komplisert byggeplass.