Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet kamerateknikk
Her kan du sjekke forståinga di av emnet kamerateknikk. Kva har du fått med deg?
Kan du svare ja på alle påstandane nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet kamerateknikk.
- Du har blitt godt kjend med kameraet.
- Du er trygg på å bruke kamera med manuelle innstillingar.
- Du kan ta bilete i ulike lysforhold inne og ute og tilpasse kamerainnstillingane manuelt for godt resultat.
- Du veit korleis du bør stille inn kameraet for kort og lang lukkartid og liten og stor djupneskarpleik.
- Du veit forskjell på RAW- og JPEG-format.
- Du veit korleis du tek vare på eit kamera.
- Du kan forklare omgrepa ISO, blendar og lukkar.
- Du kan forklare omgrepa fokus, objektiv og brennvidde.
Objektiv | Fokus | ISO | Lukkar |
Brennvidde | Djupneskarpleik | JPEG-format | Halvtotal |
RAW-format | Kvitbalanse | Blikkpunkt | Blendar |