Øving
Eksponeringsøving
Tren på rett eksponering. Lag gjerne små grupper i klassen og konkurrer om kven som får flest rette svar. Fasisten finn de nedst på sida. Ikke juks!
Dersom skulen har eitt eller fleire spegelreflekskamera, kan ein gjerne bruke desse undervegs for å prøve ut samanhengen mellom lukkar, blendar og ISO i praksis. Du kan òg prøve ut kamerasimulatoren (NDLA).
Du fotograferer dette motivet med blendarverdi 5,6.
- Korleis stiller du inn kameraet for å få mindre djubdeskarpleik i biletet?
- Kva for faktorar, i tillegg til blendaropninga, styrer djubdeskarpleiken i bileta?
Du fotograferer dette motivet med ei lukkartid på 1/4 sekund.
Fotografer motivet med lengre lukkartid. Kva skjer med motivet, og kvifor skjer det?
Du fotograferte dette motivet med blendarverdi 16, lukkartid 1/1000 sekund og ISO-verdi 100, og motivet blir for mørkt.
Korleis vil du stille inn kameraet for å få motivet lysare?
Du fotograferer dette motivet med blendarverdi 2, lukkartid 1/125 sekund og ISO-verdi 400.
- Korleis vil du stille inn kameraet for å få motivet mørkare?
- Den store blendaropninga (blendar 2) gir veldig lite djubdeskarpleik i motivet. Korleis kan du stille inn kameraet for å få større djubdeskarpleik?
Fasit eksponeringsøving