Hopp til innhald

Fagstoff

RAW-formatet

De fleste kamera lagrar bileta du tek, i filformatet JPG. Men dersom du er over gjennomsnittet interessert i fotografering og har eit godt kamera, er det lurt å gjere opptak av bilete i RAW. Det vil gi deg betre kontroll når du seinare skal behandle biletet ditt.
Jente som fotograferer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bilete i JPG-format er behandla på førehand når dei blir lagra på minnekortet i kameraet. Derfor kan dei ofte sjå betre ut enn RAW-filer ved første augnekast. RAW er ikkje eit biletformat, men ukomprimert informasjon frå biletsensoren i kameraet. Det kan lagrast som biletfil når ein er ferdig med etterbehandling.

Meir kontroll med RAW-format

Ved å gjere opptaka dine i RAW-format vil du ha meir kontroll og kunne skape meir engasjerande og spennande bilete. RAW-formatet gir større fleksibilitet og større spelerom når ein skal framkalle biletet i eit digitalt mørkerom. Det er ein ubehandla filtype som inneheld mykje meir informasjon enn JPG-formatet. Dersom eit bilete i RAW er noko overeksponert, har ein større moglegheit til å hente inn detaljane i dei utbrende områda.

RAW-filer tek større plass

Ein fordel JPG-filar har, er at dei tek liten plass på lagringskortet fordi dei er komprimerte. Ulempa er at kvar gong du lagrar endringar og lukkar ei JPG-fil, kvittar ho seg med noko informasjon og tapar derfor kvalitet over tid. RAW-filer, derimot, krev sju gonger meir plass fordi dei inneheld langt meir informasjon. Dette gjer at du alltid kan gå tilbake til RAW-fila og endre på innstillingane seinare utan å tape kvalitet.

Kameramerka har eigne RAW-fil-format

Ver merksam på at dei ulike kameramerka har sine eigne RAW-fil-format. Canon sine RAW-filer endar med CRW (CR2 på nyare modellar), mens Nikon sine endar med NEF.

Sjekk alltid at kameraet er innstilt til å gjere opptak i det ønska formatet før du set i gang med fotografering! På denne måten slepp du overraskingar når du vender tilbake til mørkerommet.

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kamerateknikk